Sherwin Wine - Safon.org

Sherwin Wine

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Sherwin T. Wine (f. 25. januar 1928, d. 21. juli 2007) var ein rabbinar som først og fremst var kjent som grunnleggaren av the Society for Humanistic Judaism.

Wine studerte ved University of Michigan og ved det reformjødiske Hebrew Union College, der han vart ordinert som rabbinar. Han grunnla Birmingham Temple — den første humanistisk-jødiske meinigheita — i Detroit i 1963.

Han er ein hovudperson i ei lita gruppe av sekulære og ikkje-teistiske jødar som meiner at reint kulturelle uttrykk for jødedom er ein relevant innfallsvinkel til moderne jødisk identitet og meiner at grupper som står for dette synet bør godtakast på lik line med teistisk jødedom.

The American Humanist Association utpeikte Sherwin T. Wine som «årets humanist» i 2003.

Rabbinar Sherwin T. Wine dødde i ei bilulykke i Marokko laurdag den 21. juli 2007. Partnaren hans, Richard McMains, vart alvorleg skadd i same ulykka.

[endre] Kjelder

[endre] Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy