Seterdrift
Frå Safon.org
Seterdrift eller seterbruk er ein skandinavisk og delvis òg sentral- og austeuropeisk halvnomadisk landbruksmetode der ein tek med seg husdyra og heile eller deler av hushaldet til innlandsskog, vidde eller høgfjell om sommaren.
[endre] Skandinavia
I Skandinavia kallar ein gjerne sommaropphaldsstaden for dyra «seter»/«sæter», «støl», «fäbod» eller «sommarbeite». I sørnorske kyststrøk har ein oftast operert med mjølkesetrar: Ein sender da krøttera på fjellbeite, og nokon frå garden går til fjells to gonger kvar dag og mjølkar kyrne og/eller geitene. Slike stølar eller mjølkesetrar har gjerne ei lita bu der ein kan yste ost og kinne smør, og gjerne overnatte òg.
Lenger inn i landet har ein gjerne setrar lenger unna gardane, og seterbygningane er større og meir innretta mot fast busetnad for nokre veker eller månader.
