Semikhá
Frå Safon.org
Semikhá (hebr. סְמִיכָה [səmī'xā]) tyder ordrett ‘handspålegging’ og blir vanlegvis bruka i samband med anten ofring eller ordinasjon.
[endre] Semikhá ved dyreoffer
I Tempelet la dei som ville ofre eit dyr handa på det føre det vart ofra. Denne handspålegginga var eit teikn på at ofringa vart gjort i deira namn.
[endre] Semikhá ved ordinasjon
I samband med ordinasjon av rabbinarar er det i våre dagar vanleg at ordineringa skjer ved semikhá (handspålegging). Rabbinarane som utfører ordineringa legg da handa på rabbinarkandidaten for å markere at dei går gode for denne kandidaten og vidarefører sin tradisjon gjennom honom eller henne. (I ortodoks jødedom blir normalt berre mannlege kandidatar vurderte for semikhá.) Tradisjonslina for ordinasjon ved semikhá vart broten etter at Tempelet fall, men vart atteroppliva av asjkenaziske rabbinarar kring 1500-talet. Sefardiske ordinasjonar har heilt opp til våre dagar tradisjonelt skjedd ved bēt dín, men i vår tid har semikhá vorte vanlegare i sefardisk tradisjon òg.
