Seglmakarhanske
Frå Safon.org
Seglmakarhanske. (Foto: Olve Utne)
Hand med seglmakarhanske. (Foto: Olve Utne)
Ein seglmakarhanske er ein fingerlaus hanske i kraftig lêr eller seglduk med ei rund metallplate med vaffelmønster på ein sokkel av kraftig lêr inni handflata. Denne metallplata blir først og fremst bruka til å sette seglnåla mot for å trengje gjennom seglduk i samband med sying og bøting av segl og rigg.
