Sefiràt hangómer
Frå Safon.org
Sefiràt hangómer (hebr. סְפִירַת עֽוֹמֶר) eller ngomerteljing er namnet på dagsteljinga i perioden frå andre dagen av pesaḥ (jødisk påske) til sjabungót (vekefesten, jødisk pinse).
«Sefirá» tyder ‘rekning’ eller ‘teljing’, og ngómer tyder ‘kornband’. Ordrett tyder sefiràt ngómer altså «kornband-teljing».
Frå gammalt av var ngomerteljinga forbunde med den første bygghausten: På kvar dag av dei 49 dagane (sju vekene) mellom 2. dagen av pesaḥ og sjabungót som utgjer ngómeren bar ein fram eit kornband til altaret i Tempelet som eit grødeoffer — men sidan Tempelet fall har denne perioden vore rekna som ei sørgjetid. Det er restriksjonar på kva dagar ein kan halde bryllaup (ulikt mellom dei ulike gruppene), ein unngår hårklipp/barbering, musikk og festlegheiter.
[endre] Pesaḥ sjení
Den som ikkje hadde noko mulegheit til å halde pesaḥ på rett tid, får faktisk ein ny sjanse ein månad seinare, på den 14. ijjár. I séfer Bammidbár (4. mos.) står det:
וידבר ה׳ אל־משה לאמר׃ דבר אל־בני ישראל לאמר איש איש כי־יהיה טמא לנפש או בדרך רחקה לכם או לדרתיכם ועשה פסח לה׳׃ בחדש השני בארבעה עשר יום בין הערבים יעשו אתו על־מצות ומררים יאכלהו׃
“Og ADONÁI tala åt Mosjé og sa: Tal åt Israelsborna og sei: Om nokon mann skulle vera urein av ein avliden sjel eller på fjerne vegar, or dykk eller or ætteledda dykkar, så skal han enda halde pesaḥ for Adonái, i andre månaden, på fjortande dagen, skal dei halde ho; med maṣṣót (usyra brød) og bitre urter skal dei eta ho.” (Bammidbár (4. mos.) 9:9–11)
Denne dagen blir kalla pesaḥ sjení (hebr. פֶּסַח שֵׁנִי). Tradisjonen om pesaḥ sjení er lite bruka i dag, men nokre markerer dagen med å eta ein bit maṣṣá.
[endre] Lag langómer
Den 33. dagen av ngómer blir kalla lag langómer (hebr. לג לָעֽוֹמֶר. (Asjkenazím seier oftast «lag b‘ómer».) Ordet «lag» kjem av den hebraiske notasjonen av talet 33 (Lamed-Gimel). På denne dagen er både sefardím og asjkenazím einige om at ein ikkje treng å sørgje, og det er vanleg å halde bryllaup. Opphavet til lag langómer er usikkert — nokre set det i samband med mystikaren rebbí Sjimngón bar Yoḥái, som etter legenda døydde på 18. ijjár (lag langómer), og som skal ha bede studentane sine om å feire nàḥaláen hans (årsdag for dødsdagen hans — asjk.: jórtsait) med glede i staden for å sørgje. Andre set lag langómer i samband med pesten som herja blant studentane til rebbí Ngakibá, og som seiest å ha stoppa denne dagen.
[endre] Sjå òg
- Lag langómer (33. ngómer)
Kategoriar: Sefiràt hangómer | Nisán | Ijjár | Siván
