Sefer - Safon.org

Sefer

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Denne artikkelen handlar om sefer i tydinga ‘torárull’. For sefer i den utvida tydinga ‘jødisk religiøs bok’, sjå Rabbinsk litteratur.

Det finst EIN LETTARE ARTIKKEL om dette — sjå «Kva er ein torárull».
Portugisarjødisk sefer med vestido og anna tilhør. (Bernard Picart)
Portugisarjødisk sefer med vestido og anna tilhør. (Bernard Picart)
Ein open sefer. (Foto: Grzegorz Niewiadomski)
Ein open sefer. (Foto: Grzegorz Niewiadomski)

Ein sefer (hebr. סֵֽפֶר ['sēfer], pl. sefarím) eller sefer Torá (hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā], pl. sifré Torá), òg kalla torárull eller lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den hebraiske teksten av Toráen (Mosebøkene). For å vera kasjér (brukande etter halakhá) lyt kvar einaste bokstav vera handskriven av ein sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk.

Når torárullen ikkje blir lesen frå, er han heilt samanrulla. Nokre brukar å ha rullen i ein sylinder av tre eller metall som blir kalla ein tik. Andre brukar å kle han i ei spesiell kappe som blir kalla mengíl eller vestido. Enkelte gjer begge deler. Sefarím blir oppbevarte i Hekhál (arka, toráskåpet) når dei ikkje er i bruk.

Personlege verktøy