Sauehald - Safon.org

Sauehald

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Sauer på fjellbeite på Runde i Herøy kommune på Sunnmør.Foto:Arancia
Sauer på fjellbeite på Runde i Herøy kommune på Sunnmør.
Foto:Arancia

Sauehald er ei undergrein av husdyrbruk. Sauen er truleg eit av dei eldste husdyra, og i Noreg veit vi at det har vore drive med sauer i alle fall sidan bronsealderen. Sauen er, som geita, god å ta seg fram i uvegsamt landskap og utnyttar utmarksbeite i skog, hei og fjell godt. Sauebeite i fjordane og utover øyane på kysten har vore ein hovudgrunn til at kulturlandskapstypen lynghei har vorte så utbreidd langs norskekysten og dei nordlege delene av Dei britiske øyane.

Sauebruk med eit moderat tal dyr er relativt lite arbeidsintensivt utanom dei få vekene lamminga står på. Derfor har sauehald som attåtnæring vore vanleg i svært lang tid. I tidlegare tider var det særleg kystfiske og ulike typar handverk, inkludert båtbygging, som vart kombinert med sauebruk. Utover 1900-talet har det det i tillegg vorte svært vanleg å kombinere sauedrift med arbeid i industri eller tenestenæring.

Produkt frå sauehald inkluderer fårekjøt, ull, mjølk og meieriprodukt,

Utfordringar i sauehaldet inkluderer rovdyr (inkludert bjørn, ulv og rev; og truleg òg havørn, men dette er kontroversielt); sjukdommar (inkludert alveld, skrapesjuke og mædi); gardsbruksslakting (småe bruk som eignar seg til deltidsbruk blir lagt som tilleggsjord til nabobruk og bygningane selte til fritidsbustader); forureining (inkludert radioaktive utslepp); o.a.

Innhaldsliste

[endre] Beite og fôring

[endre] Miljø og helse

[endre] Mjølkerelaterte sjukdommar

[endre] Lammesjukdommar

Sjukdommen alveld rammar ein del lam. Planten rome er mistenkt for å vera årsaka til (eller éi av årsakene til) alveld, men samanhengen er framleis ikkje heilt sikker. Pulpanyresjuke eller enterotoksemi er ein bakteriesjukdom som går til åtak på tarmen — særleg i samband med unge lam som har forete seg. Ein kan vaksinere mot pulpanyresjuke, men sjukdommen har svært dårleg prognose når han først bryt ut.

[endre] Parasittar

Parasittar som kan gjera sauene sjuke inkluderer utvendige parasittar som lus og påtar (flått, skogbjørn) og innvendige parasittar som lungeorm, rundorm og bendelorm. Eincella parasittar inkluderer toksoplasmose.

[endre] Mangelsjukdommar

B₁-vitaminmangel kan føre til hjerneborksår, som kan behandlast av ein veterinær.

[endre] Produksjon

[endre] Formeiring

[endre] Mjølking

[endre] Klypping

[endre] Slakting

[endre] Al

[endre] Sauerasar

[endre] Fotnotar

[endre] Kjelder

Personlege verktøy