Sau - Safon.org

Sau

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Sau (Ovis aries)
Sau
Sau
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Artiodactyla
Familie: Bovidæ
Underfamilie: Caprinæ
Slekt: Ovis
Art: aries
Vitskapleg namn
Ovis aries
Linné, 1758

Sau (Ovis aries), òg kalla blant anna smale og får, er eit jortande (drøvtyggjande) dyr av sauefamilien. Sauen er eit av dei vanlegaste husdyra og blir framolen for kjøt og ull. Hosauen blir kalla sau eller søye, hannsauen bekre eller vêr, ungen lam og eittåringen årslam, tikslam eller gimber. Ein frisk sau kan bli 8-12 år gammal, men blir normalt slakta tidlegare.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Sauen var eitt av dei første dyra som vart domestiserte, truleg i Midtausten for kring 10 000 år sidan. Det er fleire teoriar om korleis prosessen føregjekk, men den dominerande teorien er at den asiatiske muflonen, som no finst i fjellstrøka i Tyrkia og sør i Iran, er hovudstammora. Den nærslekta muflonen som finst på Sardinia og Korsika er truleg òg blant stammødrene.

Sauen har frå først av vore eit av dei viktigaste husdyra i ei rekkje ulike kulturar. I egyptisk mytologi var bekren eit symbol for Heryshaf, og i Iran er det funne ein statuett som tyder på at dei ol fram ullgode sauer allereie for 6 000 år sidan. Sauen er òg inkludert både i den vestlege og den kinesiske dyrekrinsen (stjerneteikn).

I moderne tid har ei rekkje ulike sauerasar vorte framolne, spesielt med tanke på ull- og kjøtproduksjonen. I Australia og på New Zealand er dei svært talsterke i forhold til folketalet elles; det er tolv gonger så mange sauer som menneske på New Zealand.

[endre] Etymologi

Ordet sau kjem frå norrønt sauðr og heng saman med verbet å saude/syde, det vil seie ‘å koke’.

[endre] Sauer i jødedommen

[endre] Torá

[endre] Talmúd

[endre] Skildring

[endre] Anatomi

[endre] Åtferd

[endre] «Dum som ein sau»

Det er ein godt innarbeidd myte at sauen er spesielt uintelligent — ein myte som truleg heng saman med at sauen ser ut til å ha ein ikkjehierarkisk flokkmentalitet. Myten kjem til uttrykk i omgrep som «dum som ein sau» og «å følgje bjøllesauen (utfor stupet)». Ting som talar mot denne myten er blant anna at sauene er i stand til å kjenne at ansiktstrekka til i alle fall 50 andre sauer over ein toårsperiode, og at enkelte individ er flinke til å laga hol i gjerde eller på anna vis overkomma dei hindra menneska sett opp. Sauene er òg i stand til å kjenne att slektningar og kan halde særskilte venskap innanfor flokken. Dei har individuelle karaktertrekk òg; for eksempel er nokre sauer veldig pågåande og nokre klarar seg fint utanom flokken. Det finst ei viss dekning for å påstå at ein gjennom domestikasjonen har luka ut smartare sauer, sidan dei meir individualistiske sauene ofte blir sett på som problemdyr.

[endre] Flokkar

Det er ingen tvil om at sauen har ein tendens til å samle seg i flokkar, men sauen er ikkje fullstendig avhengig av ein større flokk. Det hender at flokken deler seg opp i mindre grupper — som ein einsleg sau med lam og kanskje éin eller fleire vaksne etterkomarar; eit par bekrar som står kvarandre nær (bifili er ikkje uvanleg), ein flokk årslam og gjeldsauer (sauer utan lam), ein flokk leidd av ein spesiell sau (for eksempel ein halvspæl mellom dalasauer) eller eit par nærslekta eller ikkje fullt så nærslekta sauer.

[endre] Al

Gjennom al prøver ein å forbetre ei rekkje av eigenskapane åt sauen. Av kommersielle grunner blir desse prioritert:

  • fruktbarheita (helst to lam om hausten)
  • tilvekstevne som lam (høg tilvekst første fire-fem månadane)
  • slaktekvalitet hos lam (høg kjøttfylde og relativt lite feitt)
  • «morseigenskapar» (uttrykt ved lammetilvekst og problemfri lamming)
  • ullmengd
  • ullkvalitet
  • eksteriør (kroppsbygnad som passar til utmarksbeita; sterke bein og godt jurstell)

Andre eigenskapar som verke inn er

  • åtferd (lammedreparar blir utluka)

I alen blir det bruka få bekrar, så det er viktig at dei ein brukar er spesielt gode. Difor blir det lagt stor vekt på bekreal, og mange stader finst det eit system med kåring, bekreringar og bekreindeksar.

[endre] Sauerasar

Meir enn 200 sauerasar er kjente. Blant sauerasane som finst i Noreg kan nemnast dalasau, rygjasau, spælsau, sjeviot, svartfjes, norsk pelssau, texel, steigarsau og finsk landrase. I tillegg kjem rasevarietetar; i Noreg blir dei fleste sauene kategoriserte som norsk kvit sau.

[endre] Produkt

Hovudprodukta i Noreg er kjøt og ull. Andre produkt inkluderer mjølk, skinn, tarmar og ullfeitt (lanolin).

[endre] Verdivurdering

Verdien av eit lammeslakt blir avgjort av slaktevekta og slaktekvaliteten (muskelfylde, feitheitsgrad, feittfordeling og feittfarge). Om lammet oppfyller eit sett spesielle kriterium, så blir det kalla stjernelam, noko som gjev eit ekstra pristillegg for produsenten.

Ullverdien blir avgjort av vekta, typen (crossbreed, spæl, pels) og kvaliteten (farge, vegetabilmengd, filting ...).

[endre] Matvarer

Sauekjøtet blir bruka i matvarer som fårepølse, pinnekjøt, lammelår og fårikål. Det er spesielt lammekjøtet som blir rekna som attraktivt.

[endre] Kjelder

[endre] Lenkjer

[endre] Skandinavia

  • Norsk sau og geit (Noreg) – «... en faglig organisasjon for sau- og geiteholdere i landet. [...] Hovedoppgaven til Norsk sau- og geitalslag er å arbeide for et rasjonelt og lønnsomt sau- og geitehold, stimulere til samarbeid i produksjon og omsetning, arbeide for større bruk av norske småfeprodukt og fremme småfeholdet i samsvar med de naturgitte vilkårene i landet og med markedet for produkta.»
  • VillsauWeb (Stor-Langøy) – heimesida åt Store-Langøy Villsaulag har bl.a. eit fint bildegalleri.

[endre] Utlandet

  • Breeds of Livestock: Sheep (USA) – “Welcome to the Breeds of Livestock resource presented by the Department of Animal Science at Oklahoma State University. This site is intended as an educational and informational resource on breeds of livestock throughout the world.”


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy