Sarōd
Frå Safon.org
Ein sarōd (hindī सरोद, bānglā সরোদ) er eit indisk klimpreinstrument som truleg er utvikla frå senya-rebaben, eit indisk/persisk instrument som vart spela i India fram til 1800-talet. Sarōden er eit lutt-liknande instrument med kropp av eitt emne av indisk mahogny eller teak med gripebrett av stål utan tverrband. Kroppen av instrumentet er trekt med geiteskinn, og stolen står i press mellom strengene og geiteskinnslokket. Sarōden har fire spelestrenger, seks rytme- og grunntonestrenger og 15 resonansstrenger. Ein klimprar på strengene med ein «djaba» — eit plekter laga av kokosnøtt.
| Video frå YouTube | ||
|
Sarōd-liknande instrument kan sjåast i utskjeringar frå det første århundret av den moderne tidsrekninga i Champa-tempelet og på veggmåleri i Ajanta-grottene. Det liknar òg på rababar frå Afghanistan og Kashmir. Sarōden vart endra av Amir Khusru på 1200-talet. I moderne tid har ustad Ali Akbar Khan innført endringar av instrumentforma for å betre lydkvaliteten.
Vidkjende sarōdspelarar er Ali Akbar Khan, Sharan Rani og Amjad Ali Khan.
[endre] Lenkjer
- «Alt» om sarōden frå sarod.com
- Sharan Rani sin nettstad
- Ali Akbar Khan sin nettstad
- Sarōden sitt opphav og alder
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Sarod» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
