Samuel Jessurun de Mesquita - Safon.org

Samuel Jessurun de Mesquita

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Samuel Jessurun de Mesquita (18681944) var ein høgt respektert grafisk kunstnar frå Amsterdam som blant anna var lærar for den kjente kunstnaren M.C. Escher (1898–1972). I åra etter andre verdskrigen, da han og heile familien hans vart myrda av nazistane, vart de Mesquita og kunsten hans meir eller mindre glømt. Takka vere Escher, som rekna honom som både mentor og ven, har namnet hans trass alt vorte hugsa, og kunsten hans er i ferd med å komma fram i lyset att.

Innhaldsliste

[endre] Oppvekst og utdanning

Samuel Jessurun de Mesquita vart fødd den 6. juni 1868 som son av Josua Jessurun de Mesquita og Judith Mendes da Costa i Amsterdam i Nederland. Det portugisarjødiske samfunnet, som i seg sjølv var eit minoritetssamfunn innanfor det jødiske samfunnet i Nederland, var prega av sterkt samhald, men som dei fleste av sine samtidige var ikkje Samuel særleg praktiserande. Far hans, som var lærar i hebraisk og klassiske språk på ungdomstrinnet, dødde da Sam eller Sampie, som han vart kalla, var berre fem år gammal. Da han var 14 år, søkte han opptak ved Rijksacademie for å arbeide med kunstinteressa si, men han kom ikkje inn. I skuffelsen over dette skaffa han seg lærlingplass med ein byarkitekt og arbeidde der i to år før han begynte på ein teknisk fagskule for å bli arkitekt sjølv. Han gjekk snart over til lærarstudiet, og i 1889 fekk han vitnemål som lærar, og det var i all hovudsak som lærar han kom til å brødfø familien sin.

[endre] Kunsten

I dei neste åra var det likevel kunsten Samuel først og fremst vigde seg til, og han eksperimenterte med ymse teknikkar og medium. Sjølv om han først og fremst er kjent for tresnitta sine, laga han òg etsingar, litografi, akvarellar og teikningar. Kunsthandverket hans var hovudsakleg konsentrert kring materialdesign. Motiva inkluderer fuglar, eksotiske dyr, planter og blomstrar, og dessutan fantasifigurar — ofte med humoristisk eller bisarr undertone. Blant dei vakraste arbeida hans blir portretta rekna, inkludert sjølvportretta.

[endre] Sjoá

Da Nazi-Tyskland invaderte Nederland i mai 1940, vart Samuel, som allereie hadde dårleg helse, tvungen til å leva eit tilbaketrekt liv, og han arbeidde hovudsakleg med skisser. Natt til 1. februar i 1944 vart Samuel, kona Betsy Pinedo og den einaste sonen deira, Jaap, arresterte i heimen sin i Watergraafsmeer (no innlemma i Amsterdam) av den nazistiske okkupasjonsmakta. Samuel og Betsy vart deporterte til Auschwitz; dei kom dit den 11. februar 1944 og vart drepne i gasskammera der, truleg rett etter at dei kom dit. Sonen Jaap vart deportert til konsentrasjonsleiren i Theresienstadt, der han dødde den 20. mars 1944. Escher og somme av Jaap sine vener greidde å berge nokre av verka som fanst att i heimen åt de Mesquita-familien.

[endre] Kjelder

  • Es, Jonieke van: Samuel Jessurun de Mesquita (1894-1944): tekenaar, graficus, sierkunstenaar. Zwolle : Waanders Uitgevers; Prins Bernhard Cultuurfonds, 2005

[endre] Lenkjer


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Samuel Jessurun de Mesquita from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy