Samar - Safon.org

Samar

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Samar (tidlegare òg kalla lappar eller finnar) er eit folk som hovudsakleg hører heime på Nordkalotten. Namnet same er den skandinaviske forma av det samiske ordet saemie (sørsamisk) eller sápmi (nordsamisk), som viser til både område, folkegruppe og språk.

Samane som folkegruppe kan ha utvikla seg i det siste tusenåret føre den vestlege tidsrekninga, da det vart meir samhandling mellom grupper i området og desse gruppene vart meir merksame på fellestrekk og skilnader. Det var i dette tidsrommet sijte- eller siida-systemet vart utvikla. I det samiske området bur det kring 75 000 samar. Tradisjonelle samiske levevegar fram mot nyare tid inkluderer reindrift, der dei følgjer etter store reinflokkar på beitevandring, og kystkultur, med kombinasjon av småbruk og fiske — gjerne kombinert med båtbygging eller anna handverk og husflid.

Mange samar snakkar ulike samiske språk, sjølv om ein stor del er vortne assimilerte og har gått over til hovudspråket i det landet dei lever i. Dette gjeld særleg sjøsamar i Noreg.

Samisk familie rundt 1900.
Samisk familie rundt 1900.

Innhaldsliste

[endre] Etnonymet sápmi, ‘same’

Samisk par med komse. (Litografi av J.F. Eckersberg basert på akvarell etter Flintoe eller Frisch sin kopi av han. Litografiet vart utgjeve av Chr. Tønsberg.)
Samisk par med komse. (Litografi av J.F. Eckersberg basert på akvarell etter Flintoe eller Frisch sin kopi av han. Litografiet vart utgjeve av Chr. Tønsberg.)

Opphavet til ordet saemie (sørsam.) / sápmi (nordsam.), ’same’ er eit lån til ur-samisk/finsk frå urbaltisk *žeme ’land’ (jf. russisk земля [zemljá], som i Novaja Zemlja, ’Nyland’) til urfinsk-samisk *šämä ’landet (i nord)’, dvs den delen av Finland baltarane hadde kontakt med. Dette ordet gjennomgjekk seinare den særfinske lydendringa š → h (ei lydendring som vi ikkje fekk i samisk), så vi fekk Häme, namnet på området Tavastland (der Lahti ligg). I samisk gjekk ordet i staden gjennom lydendringa š → s, og i sterkt stadium i nordlege dialektar også gjennom dissimileringa m → pm, slik at vi fekk Sápmi, ’Sameland’. Det same ordet *sämä lånte baltarane attende frå finnane (før lydendringa š → h i finsk) som namn på Finland, i forma *šāma. Denne forma dukka så opp i seint urfinsk-samisk som *šāma. Lang ā vart til lang ō i sein urfinsk, vi fekk *sōme, som framleis er den estiske namnet på Finland (Soome), og deretter diftongering av lange midtvokalar og e → i i slutten av ord i overgangen til moderne finsk, slik at sluttresultatet er Suomi. Dei som budde i «Det egentliga Finland» (Åboland), tavastlendingane og samane, dvs. suomalaiset, hämäläiset og sápmelaččat har altså alle etnonym som går attende til same lånordet — ordet for ’land’ i urbaltisk.

[endre] Historie

Samisk par med reinsdyr. (Litografi av J.F. Eckersberg basert på akvarell etter Flintoe eller Frisch sin kopi av han. Litografiet vart utgjeve av Chr. Tønsberg..)
Samisk par med reinsdyr. (Litografi av J.F. Eckersberg basert på akvarell etter Flintoe eller Frisch sin kopi av han. Litografiet vart utgjeve av Chr. Tønsberg..)

[endre] Samisk forhistorie i lys av moderne genforsking

Frå og med 1990-åra har dei etniske gruppene i Europa og Sibir vorte genetisk kartlagte, framfor alt med hjelp av mtDNA. Det har f.eks. vist seg at den genetiske distansen mellom samar og samojedar er større enn mellom danskar og samojedar. Genetisk sett skil samane seg meir frå dei andre europeiske folka enn dei skil seg frå kvarandre — truleg fordi dei stammar frå ei lita gruppe forfedre som kom frå ulike område.

[endre] Førhistorisk tid

Da dei germanske og baltiske folkeslaga kom til Baltikum og Norden med jordbruket, støytte dei på jegarkulturar. Desse jegarkulturane vart delte etter om dei kom inn under framand påverknad eller ikkje. Dei sørlege folkegruppene gjorde det, vart jordbrukarar, og språket deira utvikla seg til dei austersjøfinske språka. Lenger nord, utan dei same vilkåra for jordbruk, vart dei nordlege folkegruppene verande utanfor denne påverknaden, og språket deira utvikla seg i ei anna lei til samisk. Ein faktor som kompliserer dette bildet, som er konstruert med hjelp av språkhistoriske data, er at DNA-studier viser at samar og finnar faktisk skil seg frå kvarandre ein god del DNA-messig. No treng ikkje det stå i motsetnad til analysen ovafor; det kan vera slik at samane tidlegare har snakka eit anna språk, men at dei skifte til nordleg ur-austersjøfinsk (eller nordaust-ur-uralsk) etter påverknad frå bl.a. finsk, men slik at det vest-uralske språkområdet seinare har vorte delt etter graden av baltisk og germansk påverknad.

Arkeologisk sett er det muleg å knytte samane til skiferkulturen og til den kamkeramiske kulturen.

[endre] Historisk tid

Det er truleg samane Tacitus skriv om når han i boka Germania frå år 98 evt. nemner fenni. På slutten av 700-talet skriv Paulus Daconus ved Karl den stores hoff om skridfinnar og viser til skia til samane. På 800-talet skildrar Ottar eit folk som passar rein og som blir kalla fenni.

[endre] Sjå òg

[endre] Kjelder


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy