Samōsā
Frå Safon.org
Samōsā (hindī समोसा [sɐ'mo:sɑ:], marāṭhī सामोसा [sɑ:'mo:sɑ:]) er ein indisk matrett som består av trekanta frityrsteikte porsjonspaiar med grønsaks- eller kjøtfyll, særleg med potet, løk og erter.
Samōsāer er oftast sterkt krydra, og ein et gjerne samōsāene med chutney eller ketsjup. Retten oppstod truleg i Uttar Pradesh og er no vanleg i India, Pakistan, Burma og nordetter til Uzbekistan. I tillegg kjenner ein han i andre land med indiske eller pakistanske innvandrarmiljø. Sāmōsā blir i dag mykje bruka som gatekjøkenmat eller eit lite mellommåltid.
Retter frå andre mattradisjonar som samōsā kan minne om er tyrkisk børek, sefardiske borecas og asjkenazisk knish.
| Video frå YouTube | ||
|
| | This article is based entirely or in part on the article “Samosa” from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License. |
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Samosa» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
