Saltfiskball - Safon.org

Saltfiskball

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Ball servert med potet, kålrabi, gulrøter, flatbrød og vatn. Her ser vi blandaball, men utsjånaden og tilhøret er i hovudsak den same som ved saltfiskball.Foto:Olve Utne
Ball servert med potet, kålrabi, gulrøter, flatbrød og vatn. Her ser vi blandaball, men utsjånaden og tilhøret er i hovudsak den same som ved saltfiskball.
Foto:Olve Utne

Saltfiskball (utt. ["sɑʎ:hƫfɪskˌbɑʎ:] el. ["sɑʎ:hƫfeskˌbɑʎ:]) er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er saltfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Saltfiskball er spesielt populær mat på SmølaNordmør.

[endre] Variantar

I mange familiar er det vanleg å plassere feite av nitjefeitt (bitar av feitt frå mageområdet på sau) i sentrum av saltfiskballen. På grunn av at ikkje alle vil ha feite i ballen, er det vanleg at nokre ballar blir laga utan feite. Når det blir laga begge sortar, er det vanleg at ballane utan feite har avlang form. Denne typen ball blir kalla langball etter forma.

Ein variant utan kjøt er å erstatte nitjefeittet med småe terningar med smør.

[endre] Oppskrift

Kjem seinare.

[endre] Sjå òg


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Blandaball» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy