Safon.org:Ver varsam-plakaten
Frå Safon.org
Ver varsam-plakaten
Etiske normer for pressa (trykt presse, radio, fjernsyn og nettpublikasjonar)
(Korrekturlesne for konsekvent språk og attgjevne i rettskrivinga som blir bruka på Safon.org.)
- Den enkelte redaktøren og medarbeidaren har ansvar for å kjenne dei etiske normene til pressa, og pliktar å legge desse til grunn for verksamheita si. Presseetikken gjeld heile den journalistiske prosessen, frå innsamlinga til presentasjonen av det journalistiske materialet.
- Samfunnsrolla til pressa
- Ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkjefridom er grunnelement i eit demokrati. Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn.
- Pressa tek seg av viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa har eit særskilt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk.
- Pressa skal verne om ytringsfridommen, trykkjefridommen og innsynsprinsippet. Ho kan ikkje gi etter for press frå nokon som vil hindre open debatt, fri informasjonsformidling og fri tilgang til kjeldene.
- Pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold. Pressa har plikt på seg til å sette eit kritisk søkjelys på korleis media sjølve fyller samfunnsrolla si.
- Pressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre.
- Integritet og ansvar
- Den ansvarlege redaktøren har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i mediumet.
- Den enkelte redaksjonen og den enkelte medarbeidaren må verne om sin integritet og sitt truverde for å kunna opptre fritt og uavhengig i forhold til personar eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunnar vil øve innverknad på det redaksjonelle innhaldet.
- Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje ta på seg oppdrag, verv, økonomiske eller andre bindingar som kan skape interessekonfliktar i forhold til dei redaksjonelle oppgåvene dei har. Dei må unngå dobbeltroller som kan svekkje truverdet deira. Ver opne om tilhøve som kan påverke habiliteten til redaksjonelle medarbeidarar.
- Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje utnytte stillinga si til å oppnå private fordeler.
- Ein redaksjonell medarbeidar kan ikkje påleggast å gjera noko som strir mot hans eller hennar eiga overtyding.
- Avvis alle forsøk på å bryte ned det klåre skiljet mellom reklame og redaksjonelt innhald. Avvis også reklame som tek sikte på å etterlikne eller utnytte eit redaksjonelt produkt og som er med på å svekkje tilliten til det redaksjonelle truverdet og den uavhengige pressa.
- Gje aldri lovnader om redaksjonelle motytingar for reklame. Det som nlir offentleggjort skal vera eit resultat av ei redaksjonell vurdering. Sørg for å halde oppe det klåre skiljet mellom journalistikk og kommersiell kommunikasjon også ved bruk av lenkjer og andre koplingar.
- Det er i strid med god presseskikk å late sponsing påverke redaksjonell verkssamheit, innhald og presentasjon.
- Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje ta mot pålegg om oppdrag frå andre enn den redaksjonelle leiinga.
- Journalistisk åtferd og forholdet til kjeldene
- Kjelda til informasjonen skal som hovudregel identifiserast, med mindre det kjem i konflikt med kjeldevernet eller omsynet til tredjeperson.
- Ver kritisk i valet av kjelder, og kontrollér at opplysningar som blir gjevne er korrekte. Det er god presseskikk å arbeide for breidd og relevans i kjeldevalet. Om det blir bruka anonyme kjelder eller redaksjonen blir tilbydd eksklusivitet, må det stillast særleg strenge krav til kjeldekritikk.
- Det er god presseskikk å gjera premissane klåre i intervjusituasjonar og elles i høve til kjelder og kontaktar.
- Vern om kjeldene til pressa. Kjeldevernet er eit grunnleggande prinsipp i eit fritt samfunn og er ein føresetnad for at pressa skal kunne fylle samfunnsoppgåva si og sikre tilgangen på vesentleg informasjon.
- Gje ikkje opp namnet på kjelda til opplysningar som er gjevne fortruleg om ikkje dette er uttrykkjeleg avtalt med denne kjelda.
- Av omsyn til kjeldene og til at pressa skal vere uavhengig, skal upublisert materiale som hovudregel ikkje utleverast til utanforståande.
- Pressa har plikt til å gje att meiningsinnhaldet i det som blir bruka av utsegner frå intervjuobjektet. Direkte sitat skal attgjevast presist.
- Endring av utsegner som er gjevne bør avgrensast til korrigering av faktiske feil. Ingen utan redaksjonell myndigheit kan gripe inn i redigering og presentasjon av redaksjonelt materiale.
- Opptre omsynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis særleg omsyn overfor personar ein ikkje kan vente er klåre over verknaden av det dei uttalar til pressa. Misbruk ikkje andre sine kjensler, kunnskapsløyse eller sviktande dømmekraft. Hugs at menneske i sjokk eller sorg er meir sårbare enn andre.
- Skjult kamera/mikrofon eller falsk identitet skal berre brukast i unntakstilfelle. Føresetnaden må vera at dette er einaste utvegen for å avdekkje forhold som har vesentleg samfunnsinteresse.
- Publiseringsreglar
- Legg vekt på å vera sakleg og på å vise omtanke i innhald og presentasjon
- Gjer klårt kva som er faktiske opplysningar og kva som er kommentarar.
- Vis respekt for menneska sin eigenart og identitet, privatliv, rase, nasjonalitet og livssyn. Framhev ikkje personlege og private forhold når dette ikkje vedkjem saka.
- Sjå til at overskrifter, tilvisingar, ingressar og inn- og utannonseringar ikkje går lenger enn det er dekning for i stoffet. Det er god presseskikk å oppgje kjelda når opplysningar er henta frå andre medium.
- Unngå førehandsdømming i kriminal- og rettsreportasje. Gjer det klart at skuldspørsmålet for ein mistenkt, meldt, sikta eller tiltalt først er avgjort ved rettskraftig dom. Det er god presseskikk å omtala ei rettskraftig avgjerd i saker som har vore omtala tidlegare.
- Ta omsyn til korleis omtale av ulykker og kriminalsaker kan verke på offer og pårørande. Identifisér ikkje omkomne eller sakna personar utan at dei næraste pårørande er varsla. Vis omsyn overfor menneske i sorg eller ubalanse
- Ver varsam med bruk av namn og bilde og andre klåre identifikasjonsteikn på personar som blir omtala i samband med klanderverdige eller straffbare forhold. Ver særleg varsam ved omtale av saker på eit tidleg stadium av etterforskinga, i saker som gjeld unge lovbrytarar og i saker der identifiserande omtale kan føre til urimeleg belastning for tredjeperson. Identifisering må grunngjevast i eit rettkome informasjonsbehov. Det kan for eksempel vera rettkome å identifisere når det er overhengande fare for overgrep mot forsvarslause personar, ved alvorlege og gjentekne kriminelle handlingar, når identiteten eller samfunnsrolla til den omtalte har klår relevans til dei forholda som blir omtala, eller der identifisering hindrar at uskyldige blir utsette for grunnlaus mistanke.
- Når barn blir omtalte, er det god presseskikk å ta omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet. Dette gjeld også når føresette har gjeve samtykke til eksponering. Identiteten til barn skal som hovudregel ikkje røpast i familietvistar, barnevernssaker eller rettssaker
- Ver varsam ved omtale av sjølvmord og sjølvmordsforsøk. Unngå omtale som ikkje er nødvendig for å oppfylle allmenne informasjonsbehov. Unngå skildringar av metode eller andre forhold som kan vera med på å utløyse fleire sjølvmordshandlingar.
- Ver varsam med bruk av bilde i andre samanhengar enn den opprinnelege.
- Vern om truverdet til det journalistiske fotografiet. Bilde som blir bruka som dokumentasjon må ikkje endrast slik at dei skaper eit falskt inntrykk. Manipulerte bilde kan berre aksepterast som illustrasjon når det går tydeleg fram at det dreier seg om ein montasje.
- Det gjeld dei same krava til aktsemd for bruk av bilde som ved skriftleg og munnleg framstilling.
- Feilaktige opplysningar skal rettast og eventuelt unnskyldast snarast råd
- Dei som blir utsette for sterke skyldingar, skal så langt det er råd ha høve til å imøtegå faktiske opplysningar samtidig. Debatt, kritikk og nyheitsformidling må ikkje hindrast ved at partar ikkje er villige til å uttala seg eller medverke til debatt.
- Dei som har vorte utsette for åtak, skal snarast få høve til tilsvar, med mindre åtak og kritikk inngår som ledd i ei løpande meiningsutveksling. Ha som krav at tilsvaret er av rimeleg omfang, held seg til saka og har ei anstendig form. Tilsvar kan nektast om parten det gjeld utan sakleg grunn har avvist tilbod om samtidig imøtegåing i same spørsmål. Tilsvar og debattinnlegg skal ikkje utstyrast med redaksjonell, polemisk replikk.
- Ver varsam med å opprette lenkjer frå digitale utgåver til innhald som bryt med god presseskikk. Sørg for at lenkjer til andre medium eller publikasjonar er tydeleg merkte. Det er god presseskikk å informere dei som brukar interaktive tenester om korleis publikasjonen registrerer og eventuelt utnyttar bruken av tenestene.
- Om redaksjonen vel å ikkje førehandsredigere digitale meiningsutvekslingar, må dette gjerast kjent på ein tydeleg måte for dei som har tilgang. Redaksjonen har eit sjølvstendig ansvar for å fjerne innlegg som bryt med god presseskikk så snart som råd.
- Ord og bilde er mektige våpen, misbruk dei ikkje!
Kjelde
Kategoriar: Safon.org | Nyheiter | Etikk
