Frå Safon.org
|
Velkommen til Safon.org!
Safon.org er eit oppslagsverk skrive på dugnad. I motsetnad til Wikipedia er ikkje innhaldet automatisk fritt, men innhaldet i kvar artikkel blir eigd av forfattarane i fellesskap. Bilde blir eigde av fotografen/kunstnaren, som kan sette opp lisensen for bildet på fleire ulike måtar.
Artiklar som blir henta frå Wikipedia eller andre kjelder med GFDL-lisens eller andre frie lisensar skal påførast denne lisensen her òg, og innhaldet i dei artiklane står dermed fritt til å bli bruka andre stader under same lisensen, eller det kan arbeidast vidare på her.
|
|
|
Du kan vera med
Safon.org er ein wiki, noko som tyder at du (og alle andre) kan redigere mesta alle artiklane her om du berre registrerer eit brukarnamn og held deg til retningslinene og til normal folkeskikk. Du kan endre ei side ved å klikke på «endre» øvst på sida eller i eit avsnitt, skrive i boksen som kjem fram da, og så til slutt trykkje på «Lagre» under honom. Ver ikkje redd for å gjera endringar! Andre kan rette feilane dine att, og det er lett å hente fram att ein tidlegare versjon av artikkelen om ein treng det. Bruk gjerne sandkassa vår til å gjera uhøgtidelege forsøk.
Sjå elles Spørsmål og svar for meir, og ver heller ikkje redd for å spørje om det du lurer på på Samfunnshuset.
|
|
|
Registrering
Du må ha brukarkonto for å redigere artiklar. Å opprette ein brukarkonto er gratis, anonymt og tek nokre få sekund. Som registrert brukar får du ei brukarside der du kan skrive litt om deg sjølv og ei diskusjonsside der du kan snakke med andre brukarar. Merk at brukarnamn som er direkte ærekrenkjande eller ser ut som rein reklame vil kunna bli sperra utan åtvaring.
|
|
|
Skikk og bruk
Safon.org har utarbeidd nokre få, men viktige retningsliner for å sikre kvaliteten på artiklane og trivselen til dei som deltek her.
- Viktigast av alt er å skapa eit positivt miljø der alle kjenner seg oppmuntra til å medverke. Den beste måten å gjera dette på er å vera venleg, gje konstruktiv kritikk, og skilje mellom sak og person når det er ueinigheit om noko.
- Skriv sakleg og ansvarleg
- Safon.org skal kunna brukast som undervisningsressurs, og vi vil derfor ha så saklege og ansvarlege artiklar som råd er. Utgangspunktet er likevel ikkje full verdirelativisme, men ein etisk ståstad der arbeid for ei reell økologisk og sosialt berekraftig utvikling er det føretrekte samfunnssynet.
- Når det oppstår konfliktar som har bakgrunn i religion og filosofi, dannar dei følgjande livssyna referanseramma, i prioritert rekkjefølgje: A: jødedom (særleg sefardisk j.); B: samaritansk religion; C: sikhisme; D: bahá’í; E: islām (særleg liberal i.); og F: unitarisk kristendom.
- Oppstår det problem, for eksempel med subjektiviteten til ein artikkel, brukar vi diskusjonssida til artikkelen for å bli einige om ei løysing som alle kan leva med. Sjå òg Synspunkt.
- I motsetnad til Wikipedia er ikkje innhaldet på Safon.org fritt anna enn i dei falla der ein fri lisens er oppgjeven. (Dette kan bli endra i framtida.) Om du hentar artiklar eller bilde frå Wikipedia må du passe på å oppgje både kjelde og lisens.
|
|