Safon.org:Retningsliner/Skrivemåte
Frå Safon.org
| Retningsliner | |||||
|
Norsk språkform
Hovudspråkforma her er nynorsk, men bidrag på bokmål er velkomne. Om du bidreg med fint innhald og avvikande eller dårleg språk, så er bidraga dine sjølvsagt akkurat like velkomne — så lenge du berre godtek at andre rettar og/eller normerer språket ditt.
Nynorsk
Av omsyn til lesarane prøver vi å halde skrivemåten mest muleg konsekvent. Hovudregelen er at vi følgjer hovudformene i Nynorskordboka. Målet er at språket skal vera eit kompromiss mellom Vestlandet, Midt-Noreg og Austlandet som vil gjera det mest muleg lettlese for så mange som muleg i Noreg og Sverige utan å gå på akkord med språkkjensla. I praksis løyser vi dette med ei språkform som er lagt tett opp til dialekten på Nordmør og i Fosen, men med nokre få kompromiss (f.eks. bøtter heller enn bøttor).
- Vi brukar a-ending i bunden form av sterke hokjønnsord (boka, sola).
- Vi brukar er-fleirtal av svake hokjønnsord (hyller, bøtter).
- Vi brukar ø for kort/open y der dette er tillate som hovud- eller sideform på nynorsk (bøtte (ikkje bytte), ønskje (ikkje ynskje)).
- Unntak: framføre nn brukar vi y: tynne (ikkje tønne).
- Vi brukar ø for øy og au der dette er tillate som hovudform på nynorsk (høre (ikkje høyre), løk (ikkje lauk)).
- Vi brukar helst kløyvd infinitiv (å vera, å laga; å kaste, å feire).
- Vi skriv helst vi (ikkje me), nokon (ikkje noen), mykje (ikkje mye), muleg (ikkje mogleg eller mogeleg), bilde (ikkje bilete eller bilæte).
- Vi skriv å bli - blir - vart - vorte (ikkje å verte - vert eller blei - blitt).
- Vi brukar er-fleirtal av hannkjønnsord som ender på -nad eller trykklett -a.
- Vi brukar er-presens av verb som ender på -ere.
- Vi brukar j-laus infinitiv i enkelte utvalde ord: legge, sette, sitta, synge (men derimot liggja, tenkje, steikje).
I nokre fall skil skrivemåten seg ut frå det vi finn i Nynorskordboka:
- Vi skriv (ei) kirkje, ikkje kyrkje. Dette er i tråd med mange norske dialektar så vel som med norrønt, færøysk og islandsk.
- Vi skriv (å) trøske, ikkje treskje eller treske. Dette er i tråd med nordmøring og mange andre norske dialektar.
Når det gjeld ordvalet, så legg vi vekt på å bruke ord som faktisk er i bruk i Midt-Noreg. Dette inkluderer ord som:
- innflytelse, kjærlegheit, verksamheit
Bidrag er like velkomne om dei følgjer den eine eller andre typen av nynorsk, men bidragsytarar som følgjer ei anna normering må rekne med at språkforma i bidraga deira kan bli endra.
Bokmål
Bokmål er sekundær målform, men kan brukast i bidrag og vil bli omsett til nynorsk når nokon har tid. Bokmålsbidrag hører elles helst heime på bokmålsversjonen av Safon.org.
Hebraisk og arameisk
Når vi brukar hebraiske ord, så skal desse skrivast etter sefardisk uttale. Vi skriv ng for ע, ṣ for צ og ḥ for ח; vi skriv kh for כֿ, sj for שׁ; vi skriv alltid b for בֿ; og vi markerer trykksterke stavingar (med unntak av første stavinga i ordet) med aksent (ṣedaká, maḥlóket, sefer). Dagésj ḥazák blir normalt skriven som dobling av konsonanten. Meir omfattande retningsliner finst på Hjelp:transkribering av hebraisk.
Djudíospanjol (jødespansk)
Vi transkriberer normalt djudíospanjol etter kastiljansk rettskriving heller enn etter moderne fonetisk skrivemåte (que (ikkje ke), borecas (ikkje borekas), ápio (ikkje apyo)).
Jiddisch
Vi følgjer eit kompromiss mellom YIVO-, Harkavy- og Birnbaumrettskrivinga i transkripsjon av jiddisch. Det vil seie at vi skriv ai (ikkje ay el. aj), ch (ikkje kh; for ḥét og khaf), é (for e som blir uttala som æ i Litauen og ei i Polen), ei (ikkje ey el. ej), ó (for o som blir uttala som u i sørlege dialektar) og ts. Ved ord som blir uttala som ou i polsk j. og som oi i litauisk j. skriv vi ou. Ved kort vokal doblar vi gjerne konsonanten. Meir omfattande retningsliner finst på Hjelp:transkribering av jiddisch.
Indiske språk
Ved transkripsjon av språk som pandjābī og hindī held vi oss i hovudtrekk til den tradisjonelle filologiske transkripsjonen, inkludert lengdestrek over lange vokalar og prikk under retroflekse konsonantar. Viktige unntak frå desse hovudreglane er:
- Lengdestrek blir òg markert ved lang e og o: sēvā, bōl.
- Historisk ai og au som blir uttala som monoftong i moderne pandjābī blir transkriberte som æ ( < ai) og å ( < au).
- Palatale konsonantar blir transkriberte som dental konsonant pluss j: tj tjh dj djh og sj.
- Nasal mellom kort vokal og konsonant blr skriven som n eller m etter samanhengen.
