Safon.org:Retningsliner/Jødedom
Frå Safon.org
| Retningsliner | |||||
|
Alle artiklar om jødiske emne skal skrivast med utgangspunkt i eit nøytralt perspektiv, men med jødisk perspektiv som underliggjande ramme og som avgjerande faktor i tvilsspørsmål. Merk at såkalla «messiansk jødedom» ikkje er eit godteke jødisk perspektiv her på Safon.org, og at denne religionsforma blir klassifisert under religionen kristendom.
Minhág
Utgangspunktet i generelle artiklar om jødisk religion og kultur er sefardisk perspektiv, men med vekt på å inkludere asjkenazisk perspektiv — og i nokon grad òg andre jødiske/israelittiske perspektiv.
Retning
Det religiøse/denominasjonelle utgangspunktet er tradisjonell, halakhisk rabbinsk jødedom, med utgangspunkt i masorti (konservativt) til moderne-ortodokst perspektiv og med vekt på å inkludere egalitære element som finst i historiske kjelder.
Synspunkt som hører til andre retningar — frå progressiv jødedom til ḥaredisk jødedom — skal takast med på presist, rettferdig og respektfullt vis.
Ordval
I utgangspunktet brukar vi alltid sefardiske eller nøytrale ord og ordformer anna enn i fall der det handlar om spesifikt asjkenaziske emne (tebá (ikkje bima, almemmar), Hekhál (ikkje aron kódesj, ngarbít (ikkje ma‘ariv)).
