Safon.org:Retningsliner/Brukarar
Frå Safon.org
| Retningsliner | |||||
|
Fri lesetilgang
Alle kan fritt og gratis lesa innhaldet på Safon.org.
Avgrensa skrivetilgang
Innhaldet kan berre endrast av registrerte brukarar. I periodar kan det vera avgrensa tilgang til registrering. Under slike periodar, skriv ein e-post om du er interessert i å vera med på arbeidet. I denne e-posten bør du nemne kva bakgrunn du har og kva brukarnamn du vil ha. Når du sender denne e-posten godtek du samtidig formelt å arbeide etter retningslinene for Safon.org, slik dei finst på denne sida.
Ver konstruktiv!
Hugs at om du gjer hærverk, legg inn irrelevante reklamelenkjer eller berre lagar tull og tøys, så kan kontoen din bli stengt utan åtvaring.
Reklame = hærverk
Om du legg inn irrelevante reklamelenkjer, så kan kontoen din bli stengt utan åtvaring.
Brukarnamn
Tilrådde brukarnamntypar er personnamn — gjerne fornamnet og/eller etternamnet ditt. Pseudonym er i orden, så lenge dei ikkje er unødig provoserande eller upassande på anna vis.
Brukarkontoar med mistenkjeleg reklameprofil (inkludert, men ikkje avgrensa til, kontoar med brukarnamn som «Buy...», «Cheap...», «Free...», «Bargain...», «Chanel...», «Watches...», «Ringtones...») vil bli stengt utan åtvaring.
Serieoppretta brukarnamn av typen «Tarzan 1», «Tarzan 2», «Tarzan 3» o.l. vil bli stengt utan åtvaring.
