Safon.org:Retningsliner
Frå Safon.org
| Retningsliner | |||||
|
Det følgjande er bindande retningsliner for alle som redigerer på Safon.org. Retningslinene kan endrast om brukarane er einige om det. Hovudadministratoren har alltid vetorett i slike spørsmål.
For å lesa om spesifikke retningsliner, klikk på emnet du vil lesa om i navigasjonsfeltet til høgre på skjermen.
Nokre hovudpunkt:
- Vel eit ansvarleg brukarnamn. Reklameaktige namn og provoserande/upassande namn hører ikkje heime her.
- Bidreg du på konstruktivt vis, så blir du godt motteken.
- Ikkje legg inn stoff som ikkje er ditt og som ikkje er forelda etter Åndsverkslova utan at dei har gjeve samtykke til det.
- Det du sjølv skriv har du fulle rettigheiter til etter Åndsverkslova. Samtidig godtek du at dette er eit dugnadsprosjekt og at andre kan vera med på å utvikle stoffet vidare. Det går ikkje an å trekkje tilbake att stoff etter at andre her har vore med på å utvikle det, men du kan sjølvsagt alltid fritt bruke det du har skrive sjølv i alle lovlege samanhengar du vil etterpå.
- Dette er ikkje staden å drive slagsmål for eller mot noko land, noko folkeslag eller nokon religion.
Merk at retningslinene for tida er under omforming i samband med utvidinga av emneområde.
