Safon.org:Om
Frå Safon.org
Safon.org (uttale “safånn dott org”) er ein nettressurs for religion, kultur og miljø med skandinavisk kystkultur i vidaste tyding, inkludert minoritetskulturar, som hovudreferanserammer.
Nettstaden vart opprinneleg starta av Olve Utne som ei lenkjesamling under namnet «Skrivarstuå», inkludert underavdelinga «Skrivarstuå Judaica», kring 1999. Sidan den tid har innhaldet vorte lagt gradvis over til sjølvstendige artiklar, og med lanseringa av wikiversjonen den 20. januar 2006 har Safon.org sett seg som mål å vera eit fullverdig og sjølvstendig oppslagsverk for miljø, kultur og religion. Den 16. mai 2007 begynte arbeidet med å flytte over innhaldet til den nye serveren på http://safon.org , og namnet vart endra frå «Hassafon» til «Safon.org».
Innhaldsliste |
[endre] Kontaktinfo
[endre] Emneområde
[endre] Religion
[endre] Jødedom
Det primære kulturelle og språklege rammeverket er tradisjonell sefardisk kultur frå Nordvest-Europa, men asjkenazisk kultur (særleg i sine skandinaviske utgåver) og jiddisch blir òg inkludert — og det langsiktige målet er å utvikle ein mest muleg komplett ressurs for dei variantane av jødedommen som har historie i Skandinavia og nærområda. Det religiøst-politiske rammeverket er tradisjonell rabbinsk jødedom, inkludert tradisjonell-egalitær jødedom. Sjølv om dette tyder at utgangspunktet her ligg i området kring moderne-ortodoks og masorti (konservativ) jødedom, så legg vi vekt på at alle ståstader innanfor jødisk religion skal vera fordomsfritt og rettferdig representerte — frå progressiv jødedom til ḥaredisk jødedom, frå jødisk fornying til karaittisk jødedom og samaritansk religion.
[endre] Sikhisme
[endre] Bahá’í
[endre] Islām
I tillegg til jødedommen blir det lagt noko vekt på presentasjon av andre religionar, med hovudvekt på dei religionane som står jødedommen nærmast. Dette gjeld særleg sikhisme, Bahá’í og islām (med hovudvekt på liberale retningar).
