SS «Statsraad Lehmkuhl» - Safon.org

SS «Statsraad Lehmkuhl»

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
SS «Statsraad Lehmkuhl» ved kai i Oslo.
SS «Statsraad Lehmkuhl» ved kai i Oslo.

SS «Statsraad Lehmkuhl» er Bergen sitt skuleskip. Seglskipet vart bygd av Joh.C. Tecklenborg i Geestemünde i Bremerhaven i 1914 under namnet «Grossherzog Friedrich August» som skuleskip for den tyske handelsflåten. Etter første verdskrigen vart skipet teke av Storbritannia som krigserstatning. Skipet vart i 1921 kjøpt av Norges Rederforbund på initiativ av tidlegare statsråd Kristofer Lehmkuhl. Skipet vart da oppkalla etter Lehmkuhl. Med unnatak av under andre verdskrigen har skipet seinare vore Bergen sitt skuleskip. Skipet blir òg bruka som skuleskip av Sjøkrigsskulen og Befalsskulen for Sjøforsvaret. Sjøforsvaret brukar skipet til lengre tokt blant anna til Kanariøyane og Karibia. I dei periodane SS «Statsraad Lehmkuhl» blir bruka av Sjøforsvaret går skipet under namnet KNM «Statsraad Lehmkuhl».

Innhaldsliste

[endre] Tekniske data

  • Tremasta barkskip
  • Segl: 2 026 kvadratmeter
  • Lengd: 98 meter (med baugspryd); 73,5 meter (vassline)
  • Breidd: 12,60 meter
  • Mannskap: 24 stammannskap, inntil 180 kadettar

[endre] Sjå òg

[endre] Lenkjer

[endre] Kjelder


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «SS «Statsraad Lehmkuhl»» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen ««Statsraad Lehmkuhl»» frå Tysk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy