Sefer Joná - Safon.org

Sefer Joná

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Séfer Joná)
Jump to: navigation, search

Sefer Joná (Jonas bok) blir tradisjonelt lesen som haftará (profetavsnitt etter torálesinga) på (jom) kippúr.

Omsett frå hebraisk av Olve Utne.

Innhaldsliste

[endre] Joná 1

1. Og kom ordet åt ADONÁI til Joná ben Amittái for å seie: 2. «Stå opp, gå til Nínevé, den store byen, og kall ut over han; for opp har ho stige, vondska deira, åt åsynet Mitt.»

3. Så flykta Joná unna mot Tarsjísj, unna åsynet åt ADONÁI: Han steig ned til Jafó, og da han fann eit skip som skulle gå til Tarsjísj, betalte han prisen og gjekk ombord for å reise med dei til Tarsjísj, unna åsynet åt ADONÁI. 4. Og ADONÁI lét laus ein stor vind til havs, og det ris ein stor storm på havet; og skipet heldt på å gå ned. 5. Og reddest mannskapet, og ropa kvar mann åt sin elohím, og dei kasta ut kvar ei børne som var ombord på skipet for å letne det; og Joná hadde stige ned i nedste skottet av skipet og låg der i djup søvn. 6. Og kom han åt honom, høvedsmannen, og sa med honom: «Kva er det med deg at du kan sova? Stig opp! Kall på din elohím! Kanskje vil elohím komma oss i hug, så vi ikkje omkjem!»

7. Og dei sa, kvar mann til nesten sin: «Kom, lat oss kaste lott og få veta for kven si skuld denne vondska er over oss!» Og dei kasta lott, og lotten fall på Joná. 8. Og dei sa åt honom: «Sei oss, for kven si skuld kom denne vondska til oss? Kva er arbeidet ditt, og kvarifrå kjem du? Kva er landet ditt, og or kva folk er du runnen?» 9. Og sa han åt dei: «Ein hebrear er eg; og ADONÁI, Himmelens Elohím fryktar eg — Den som gjorde havet og landjorda.» 10. Og reddest mennene med ei stor redsle, og dei sa åt honom: «Kva har du gjort!» For dei fekk veta at han flykta frå åsynet åt ADONÁI, for det fortalde han dei. 11. Og sa dei åt honom: «Kva skal vi gjera med deg for å stille havet for oss? For havet stormar alt meir!» 12. Han sa åt dei: «Tak meg og kast meg på havet, og havet vil stilne for dykk — for eg veit at for mi skuld kom denne storstormen over dykk.» 13. Og mennene prøvde å ro til lands, men greidde det ikkje; for havet storma alt meir over dei. 14. Og dei kalla på ADONÁI og dei sa: «Å, ADONÁI! Lat Du oss ikkje omkomma for sjela åt denne mannen, og lat ikkje komma over oss uskuldig blod; for Du, ADONÁI, har da gjort som Du ville!» 15. Og så løfta dei opp Joná og kasta han på havet, og det stilna straks. 16. Og reddest mennene med ei stor redsle for ADONÁI; og dei ofra eit slaktoffer åt ADONÁI og dei lova løfte.

[endre] Joná 2

1. Og ADONÁI baud en stor fisk svelgje Joná; og Joná var i buken til fisken i tre dagar og tre netter. 2. Og bad Joná til ADONÁI, sin Elohím, frå fiskebuken.

3. Og han sa: «Eg kalla i nauda mi til ADONÁI, og Han svara meg; frå vomma åt Sje’ól skreik eg — du høyrde mi røyst. 4. Og Du kasta meg i djupet, i havsens hjarta, straumen var kring meg; alle bårene Dine og bølgjene Dine skylde over meg. 5. Og eg sa [med meg sjølv]: ‘Bort er eg støytt frå augo Dine; aldri atter skal eg sjå Din heilage Hēkhál.’ 6. Vatna truga sjela mi, avgrunnen omgav meg; tang var tvinna kring hovudet mitt. 7. Til bergsens rot sokk eg ned, til jordas hengsler, til ævas grunn; og løfta du derifrå livet mitt, ADONÁI, min Elohím. 8. Da sjela mi sjukna i meg kom eg ADONÁI i hug; og gjekk ho åt Deg, bøna mi, til Din heilage Hēkhál. 9. Dei som driv med tomskapsgjøgl lèt godskapen fara; 10. og eg med takkseiingstonar vil ofre til Deg og betala lovnadane mine; — berginga er hjå ADONÁI.

11. Og tala ADONÁI åt fisken; og han spydde Joná ut på tørre landjorda.

[endre] Joná 3

Joná talar for soning i Nínevé.
Joná talar for soning i Nínevé.

1. Og kom ordet åt ADONÁI til Joná ein andre gong og sa: 2. «Ris opp! Gå til Nínevé, den store byen; og kall ut over han det som eg seier til deg!» 3. Og ris Joná opp og gjekk til Nínevé etter ordet åt ADONÁI; og Nínevé var ein stor by for Elohím — tre dagsreiser stor. 4. Og da Joná hadde gått inn i byen den første dagsreisa; kalla han ut og sa: «Enda førti dagar, og Nínevé skal falle i grus!»

5. Og [da] trudde folket i Nínevé på Elohím, og dei kalla ut ei faste og kledde seg i sekk, frå dei store til dei små. 6. og ordet nådde kongen av Nínevé, og han ris frå trona si, tok av seg kappa, kledde seg i sekk og sette seg i sanda. 7. og han lét rope ut og seie i Nínevé: «Kongen og stormennene hans gjer vitterleg: Folk og fe — storfe og småfe — må ikkje nyte noko, må ikkje beite, og må ikkje drikke vatn; 8. og klede seg i sekk skal folk og fe, og [dei skal] kalle til Elohím — eit skrik! Og vende seg om skal mannen frå vegen sin av vondske og frå hatet som heng ved hendene deira. 9. Kven veit — vende Seg om og angre Seg vil [kanskje] Elohím; og halde att gloa av vilska Si, så vi ikkje omkjem.» 10. Og såg Elohím kva dei gjorde, korleis dei vende seg bort frå vegane av vondske; og angra Elohím på det vonde som Han hadde sagt Han ville gjera mot dei; og Han gjorde det ikkje.

[endre] Joná 4

1. Og Joná tok det veldig vondt opp, og han vart vreid. 2. Og han bad til ADONÁI og sa: «Å, ADONÁI! Var ikkje dette ordet mitt da eg enno var i landet mitt? Derfor ville eg først flykte til Tarsjísj; for eg visste at Du er ‘ein Él som er nådig og miskunnsam, langmodig til sinne og rik på godheit’ og som angrar det vonde. 3. Og no, ADONÁI, tak da sjela mi frå meg, for betre er dauden min enn livet mitt!» 4. Og sa ADONÁI: «Er vreiden din rett?»

5. Og fór Joná or byen og sette seg til austanfor byen; og han gjorde seg der ei kåte [lauvhytte] og sette seg under ho, i skuggen, til han kunne sjå korleis det ville gå med byen. 6. Og baud så ADONÁI-Elohím ein oljeplante å vekse opp over Joná for å vera til skugge for hovudet hans, for å skugge for umotet hans; og gledde seg gjorde Joná over oljeplanten — ei stor glede. 7. Og baud Elohím ein orm i gryotta å stikke oljeplanten, og han visna. 8. Og ved soloppgang baud Elohím ein gloande austanvind komma, og stakk ho, sola, hovudet hans Joná og han vart umotug; og han bad sjela si døy og sa: «Betre er dauden min enn livet mitt!»

9. Og sa så Elohím til Joná: «Er det rett du er vreid for oljeplanten?» Og [Joná] sa: «Med rette er eg vreid til døds!» 10. Og sa ADONÁI: «Du har medkjensle med oljeplanten som du ikkje har strevd med og ikkje oppole; som på éi natt vart til og på éi natt strauk med; — 11. Og Eg skulle ikkje ha medkjensle med Nínevé — storbyen; som har i seg meir enn tolv myriadar menneske som ikkje veit skilnad på høgre og venstre — og mykje fe òg?

[endre] Lenkjer


Tenákh

Torá
(Lova eller
Mosebøkene)

  1. Beresjít (Genesis, 1. mosebok)
    Beresjít (1:1—6:8) · Nóaḥ (6:9—11:32) · Lekh lekhá (12:1—17:27) · Vajjéra (18:1—22:24) · Ḥajjé Sará (23:1—25:18) · Toledót (25:19—28:9) · Vajjeṣé (28:10—32:3) · Vajjisjláḥ (32:4—36:43) · Vajjésjeb (37:1—40:23) · Mikkéṣ (41:1—44:17) · Vajjiggásj (44:18—47:27) · Vajḥí (47:28—50:26)
  2. Sjemót (Exodus, 2. mosebok)
    Sjemót (1:1—6:1) · Vaerá (6:2—9:35) · Bo (10:1—13:16) · Besjalláḥ (13:17—17:16) · Jitró (18:1—20:26) · Misjpatím (21:1—24:18) · Terumá (25:1—27:19) · Teṣavvé (27:20—30:10) · Tissá (30:11—34:35) · Vajjak’hél (35:1—38:20) · Pekudé (38:21—40:38)
  3. Vajjikrá (Leviticus, 3. mosebok)
    Vajjikrá (1:1—5:26) · Ṣáv (6:1—8:36) · Sjeminí (9:1—11:47) · Tazríang (12:1—13:59) · Meṣoráng (14:1—15:33) · Aḥaré mót (16:1—18:30) · Kedosjím (19:1—20:27) · Emór (21:1—24:23) · Behár (25:1—26:2) · Beḥukkotái (26:3—27:34)
  4. Bammidbár (Numeri, 4. mosebok)
    Bemidbár (1:1—4:20) · Nasó (4:21—7:89) · Behangalotekhá (8:1—12:16) · Sjelaḥ-lekhá (13:1—15:41) · Kóraḥ (16:1—18:32) · Ḥukkàt (19:1—22:1) · Balák (22:2—25:9) · Pineḥás (25:10—30:1) · Mattót (30:2—32:42) · Mas’ngé (33:1—37:13)
  5. Debarím (Deuteronomium, 5. mosebok)
    Debarím (1:1—3:22) · Váet’ḥannán (3:23—7:11) · Ngékeb (7:12—11:25) · Reé (11:26—16:17) · Sjofetím (16:18—21:9) · Teṣé (21:10—25:19) · Tabó (26:1—29:8) · Niṣṣabím (29:9—30:20) · Vajjélekh (31:1—31:30) · Haazínu (32:1—32:52) · Vezót habberakhá (33:1—34:12)

Nebiím
(Profetane)

Ketubím
(Skriftene)

(sjå òg Dei apokryfe skriftene)
Personlege verktøy