Rygjasau
Frå Safon.org
Rygjasau eller rygja er ein sauerase framolen i Rogaland ved kryssing av stadeigne sauer med engelske rasar (sutherland, leicester og sjeviot). Rygjasauen er ein velbygd sau og ulla er mesta heilt fri for marghår. Rygjasauen er no utbreidd over store deler av landet. 13 % av dyra i Sauekontrollen er rygja.
[endre] Historie
Utgangspunktet for rygjasauen var at import av ymse sauerasar som hadde vorte blanda med den lokale sauen hadde ført til ein svært ueinsarta sauebestand i Rogaland. I det sterke sauemiljøet i området var det vorte utvikla fleire lokal- og gardstypar av sau, og det vart avgjort at dei skulle satse på ein av desse for å ha ein rase dei kunne drive effektiv al av. Slike lønsame blandingstypar vart viste på sauesjå første gongen i 1907, og i 1912 vart ein type frå Eigersunddistriktet utvalt. Arbeidet med å stabilisere typen vart igangsett, og rygjasauen vart godkjent som rase i 1924.
[endre] Kjelder
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
