Romsdals Amt - Safon.org

Romsdals Amt

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
1662–1670 og 1675–1688: Romsdals Amt inkluderte opprinneleg berre Romsdal (lilla) og Nordmør (grønt). Sunnmør (lysegrått) var ikkje inkludert i desse to periodane. (Noverande kommunegrenser er viste i kvitt.)
16621670 og 16751688: Romsdals Amt inkluderte opprinneleg berre Romsdal (lilla) og Nordmør (grønt). Sunnmør (lysegrått) var ikkje inkludert i desse to periodane. (Noverande kommunegrenser er viste i kvitt.)
I tida 1670–1675, og permanent frå 1689, var òg Sunnmørs Fogderi (i blått) underlagt Romsdals Amt, men det skilte seg ut frå resten av amtet ved å høre til Bergenhus Stiftsamt heller enn Trondhjems Stiftamt.

I 1838 gjekk Vinje over til Søndre Trondhjems Amt i samband med opprettinga av Hevne Formandsskabsdistrict. Området ved Stemshesten ute mot havet og Eidsøra ved Sunndalsfjorden vart overført frå Nordmørs Fogderi til Romsdals Fogderi i løpet av 1800-talet.

Romsdals Amt vart oppretta i 1662 som underliggjande amt til Trondhjems Stiftsamt. Amtet var opprinneleg samansett av dei to futedøma Nordmørs Fogderi, som før hadde ligge direkte under Trondheims len, og Romsdals fogderi, som var den direkte vidareføringa av Romsdals len.

I tida frå 1671 til 1675 låg òg Sunnmørs Fogderi under Romsdals Amt; men frå 1675 til 1678 var Sunnmørs Fogderi og Nordfjords Fogderi eige amt under amtmann Christian Lindenov. Sunnmør og Nordfjord vart innlemma direkte i Bergenhus Stiftsamt frå 1679, og først i 1689 vart Sunnmørs Fogderi lagt permanent under Romsdals Amt, men framleis tilhørande Bergenhus Stiftsamt.

Amtet var administrert frå Molde, der dei fleste amtmennene òg var busette. I 1919 skifta amtet namn; først til Møre fylke, og den 1. juli 1935 til det noverande Møre og Romsdal fylke.

[endre] Amtmenn

[endre] Lenkjer

GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Romsdals amt» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy