Romaniotisk jødedom - Safon.org

Romaniotisk jødedom

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Kehila Kedosha Janina i New York City blir sagt å vera den einaste romaniotiske synagogen på den vestlege halvkula.Foto:Harris Graber
Kehila Kedosha Janina i New York City blir sagt å vera den einaste romaniotiske synagogen på den vestlege halvkula.
Foto:Harris Graber

Romaniotisk jødedom er den retninga av rabbinsk jødedom som tradisjonelt blir praktisert av romaniotes — ei greskspråkleg jødisk gruppe som i dei siste hundreåra hovudsakleg har halde til i området kring vår tids Hellas og til ein viss grad Albania og Sør-Italia. Romaniotisk jødedom blir rekna som ei av dei retningane av rabbanittisk jødedom som har halde mest på tradisjonane frå Israel slik dei var føre dei kristne korstoga øydela den attverande infrastrukturen i det jødiske samfunnet der.

Blant typiske trekk i romaniotisk jødedom kan nemnast synagogearkitekturen med si bipolare planløysing: Tebáen (leseplattforma) ligg vanlegvis på motsett vegg i høve til Hekhál (arka el. toráskåpet). Torárullane blir tradisjonelt lagra i tikím (sylindrar) heller enn i vestidos (kapper). Ein legg svært stor vekt på Talmúd jerusjalmí. Det er tradisjonelt relativt mykje bruk av jevanittisk, eller «jødegresk», som liturgisk språk ved sida av hebraisk.

Sidan slutten av 1400-talet har romaniotisk jødedom vorte mykje påverka av sefardisk jødedom etter at eit stort tal sefardím som var landsforviste frå Spania (1492) og i mindre grad Portugal (1497) flykta til Det ottomanske riket.

[endre] Lenkjer

Personlege verktøy