Romanifolk - Safon.org

Romanifolk

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Romaniflagget
Romaniflagget

Innhaldsliste

Romanifolk, er ei fellesnemning for skandinaviske folkegrupper av delvis indisk opphav som tradisjonelt har hatt ein omreisande livsstil med næringsvegar som musikk, handverk (særleg metallarbeid), kolportasje og småhandel. Særleg innanfor musikk og handverk har mange medlemmer av romanifolket gjeve sentrale bidrag til den generelle skandinaviske kulturen. Romanifolka er offisielt definerte som ein nasjonal minoritet både i Noreg og Sverige. Dei har òg ofte blitt kalla reisande eller tatrar.

[endre] Grupper

Norske romanifolk kan delast inn i to hovudgrupper ut frå geografi, språk og kultur — tavringar (tatrar, storvandriar) i aust og småvandriar (splintar, fantar) i vest.

[endre] Storvandriar

Tavringane — òg kalla storvandriar, tatrar og stundom fantar — hører først og fremst heime på Austlandet, i Trøndelag og i vestlege deler av Sverige. Det tradisjonelle språket åt tavringane er rommani.

Handlaga trådvisp. (Foto: Olve Utne)
Handlaga trådvisp. (Foto: Olve Utne)
Handlaga blekkspann frå Nordmøre. Metallarbeid har tradisjonelt vore ein viktig næringsveg for mange tavringar. (Foto: Olve Utne)
Handlaga blekkspann frå Nordmøre. Metallarbeid har tradisjonelt vore ein viktig næringsveg for mange tavringar. (Foto: Olve Utne)

[endre] Småvandriar

Småvandriar — òg kalla mjøltravarar, splintar eller fantar — hører hovudsakleg heime på Sør- og Vestlandet. Språket deira blir kalla rodi eller rotvelsk og inneheld blant anna fleire skandinaviske ord enn rommani. Leveviset åt småvandriane er tradisjonelt mykje knytt til sjøvegen.

[endre] Sjå òg

[endre] Kjelder

[endre] Lenkjer

  • «De reisendes historiske holocaust» - UNIVERSITETSAVISA NR. 17, 1996 – «De reisende har blitt forsøkt utradert, enten ved utrydding eller ved assimilering, siden de kom til Norge på 1500-tallet. Fra midten av 1600-tallet ble det bestemt ved lov at det skulle være årlige ‘inkvisisjoner’, dvs. fantejakter etter ‘løsgjengere og tiggere’. Denne loven innførte også innenlandsk passtvang for å føre kontroll med de reisende og hvor de reiste.» Av Nina E. Tveter.
  • «Ein fri fugl» - Dag og Tid nr. 29, 20. juli 2000 – «Elias Akselsen er ingen omstreifar, reisande eller romani. - Eg er tater, og eg er stolt av det, seier songaren og forkynnaren frå Solør. - Dette er den stoltaste dagen i livet mitt, sa Elias Akselsen då han i vår lanserte plata Barn av den bortglemte rase, eit vitnesbyrd over den rike norske tatersongtradisjonen.» Ved Noralv Pedersen.
  • «Folket som skulle forsvinne (kronikk)» - Dagbladet, 5. mai 1996 – «Den 7. mai kan bli en merkedag i de norske taternes historie. Dette er dagen for justiskomiteens frist med å levere sin innstilling til RVs stortingsforslag om en oppreisning til dette diskriminerte folket og om anerkjennelse av at det her er snakk om en etnisk minoritet.» Av Britt Karin Larsen, forfatter.
  • «Romani 1» - Norge – Inneheld bl.a. informasjon om dei reisande i Norge (tatrane) og språket deira, romani.
  • «Romanifolkets Hovedside» – «Dette har jeg ment skal være en opplysningsside om hvem vi er, hvor vi kommer fra, hvilken levemåte våre forfedre hadde, hvilke håndtverk disse kunne, hva som er skrevet om oss, Norske myndigheters ublide politikk mot mitt folk, Kirkens delaktighet i overgrep mot oss ‘i Jesunavn’. Romanifolkets situasjon i dag, Romani organisasjoner på godt og vondt, litt om vårt språk, Romani, fotos, tekster til Romaniviser, mm.» Ved Alvin Eilertsen Viborg.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy