Riskaker
Frå Safon.org
Riskaker eller rismjølkaker er ein type småkaker som inneheld noko rismjøl.
[endre] Oppskrifter
- etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).
Ingrediensar:
250 g smør 250 g sukker 2 egg 1 ms fløyte 130 g rismjøl 500 g kveitemjøl 1 ts hjortesalt
Framgangsmåte:
Rør smør og sukker kvitt; ha i fløyten og dei lett samanvispa egga. Bland mjøl og hjortesalt og ha det i. Arbeid deigen saman og fom kakene gjennom kakesprut. Steikjast lysegule.
