Rabbinsk ordinasjon - Safon.org

Rabbinsk ordinasjon

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Rabbinsk ordinasjon er ei offisiell handling som medfører at ein kandidat med eit dokumentert og/eller demonstrert kunnskaps- og ferdigheitsnivå blir utnemnd til rabbinar. Det finst tre hovudmåtar dette kan skje på:

  1. Utnemning gjennom ein Bēt dín (religiøs domstol). Dette er den tradisjonelle måten i sefardisk jødedom.
  2. Utnemning ved personleg semikhá — det vil seie ved handspålegging frå ein allereie etablert rabbinar. Dette er den tradisjonelle ordinasjonen i asjkenazisk jødedom sidan 1500-talet.
  3. Utnemning frå eit rabbinsk seminar ved fullføring av eit utdanningsprogram der.
Personlege verktøy