Rabbinsk jødedom - Safon.org

Rabbinsk jødedom

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Rabbanittisk jødedom)
Jump to: navigation, search


Retningar

ortodoks

tradisjonell-egalitær
masorti

rekonstruksjonistisk
progressiv

jødisk fornying
humanistisk
(human-etisk)

Rabbinsk jødedom, òg kalla rabbanittisk jødedom, er den hovudretninga av jødedom som reknar Misjná og Talmúd som religiøst autoritative skrifter ved sida av Tenákh. Rabbanittane blir rekna som arvtakarar av farisearane.

I motsetnad til rabbinsk jødedom står karaittisk jødedom — ei retning som meiner at Tenákh (som dei gjerne kallar Mikrá) åleine er religiøst bindande, og at Misjná og Talmúd ikkje har nokon særskild autoritet. Karaittane sjølve reknar seg som etterkommarar etter sadukkearane.

Rabbinsk jødedom er vidareført hovudsakleg gjennom mizraḥisk, sefardisk, italkisk, jemenittisk og asjkenazisk jødedom.

Grupper som ikkje kjende til den talmudiske litteraturen, og som dermed fell utanfor skismaet mellom rabbanismen og karaismen inkluderer Beta Esrael frå Etiopia og bene Israel frå India. Desse gruppene er i nyare tid i aukande grad vortne integrerte i rabbinsk jødedom.

Personlege verktøy