Rabarbraris - Safon.org

Rabarbraris

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Rabarbraris er ein tradisjonell norsk rispudding med rabarbra.

[endre] Oppskrifter

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar:

  1 l  vatn
125 g  ris
300 g  reinska rabarbra
200 g  sukker
  1 dl vatn

Framgangsmåte:

Kok graut av vatn og ris og sett han så han blir kald.

Flå rabarbrastilkane og skjer det opp i småe stykke. Løys opp sukkeret i vatn og kok rabarbrastykka til dei er møre og utkokte. Medan rabarbramassa framleis er varm, rør ho saman med risgrauten og fyll dei i vasar. Server rabarbrarisen lunka med sukker og fløytemjølk til.

Personlege verktøy