Safon.org:Hovudsida - Safon.org

Safon.org:Hovudsida

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

På grunn tå problem med serveroppdatering blir mange lenkjor frå Google og andre eksterne sidor vidaresendte til hovudsida akkurat no. Vi beklagar detta og håpar å få retta feilen snart.

fil:Seilende_nordlandsbaater_s.jpg
fil:Flintoe_Samisk_par_rein_s.jpg
fil:Vincent_van_Gogh-_The_Caravans_s.jpg
fil:Great_Synagogue_Plzen_CZ_s.png
fil:Willmette_how_s.png
fil:Golden_temple_s.png
fil:Stabkirche_Lom_s.png
fil:Mosquée_hassan_II_Casablanca_s.png
fil:Mahabodhitemple_s.png

Velkommen · Ordliste · Kort innføring · Spørsmål og svar · Samfunnshuset · Retningslinor · Populære sidor

Safon.org er ein nettressurs for kultur og miljø med skandinavisk kystkultur i vidaste tyding, inkludert minoritetskulturar, og kulturmøte som hovudreferanserammor. Kjeldetypane inkluderer artiklar, bøker, bilde og lenkjesamlingar. Safon.org har 2 287 artiklar så langt, og fleire er på veg. Du finn eit tilfeldig utval tå smakebitar frå dessa artiklane her på hovudsida kvar dag. Har du problem med skrifttekna, finn du tips om installering tå oppdaterte fontar og liknande her.

FAGSIDOR: ENGELSKHEBRAISKKROPPSØVINGKUNST OG HANDVERKMAT OG HELSEMATEMATIKKMUSIKKNATURFAGNORSKRELIGION OG LIVSSYNSAMFUNNSFAGSPANSKTYSK


I dag er det onsdag den 7. januar 2009. Muslimar markerer ʕāsjūrāʕ.  

Mat

Bimuelos er svært populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre stader. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudíospanjol og heng saman med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades).   Les meir …
Etróg (hebr. אֶתְרוֹג; lat. Citrus medica), òg kalla cedrat, sukatsitron eller søtsitronnorsk, er ei svært aromatisk, sitronliknande frukt tå sitrusfamilien. Etróg er ein tå arbangá miním (dei fire slaga) som blir bruka symbolsk under sukkót (páscua de las cabañas, lauvhyttefesten). Det finst fleire typar etróg, men ikkje alle er kasjér til bruk for arbangá miním. Blant dei som ikkje blir bruka for detta er fingeretróg («buddhahand») og florentinsk etróg. I tillegg blir albedoen (det kvite området mellom ytterskalet og sjølve fruktkjøtet) bruka til å laga sukatar. I tidlegare tider har skalet vorte bruka som medisin og som parfyme for klede. Dei variantane tå etróg som blir bruka under sukkót er levantinske etrogím, jemenittiske etrogím, marokkanske etrogím, calabriske etrogím og greske etrogím.   Les meir …
Fish and chips eller fish ’n’ chips (ofte kalla fishan i Kristiansund), eller deigdyppa og frityrkokt fisk med frityrkokt potet, er ein populær gatekjøkenmattypeengelsk opphav. Utanom England er fish and chips populær elles på Dei britiske øyane, i Australia, på New Zealand, i Canada og i nokre kystbyar i Nederland og Noreg. I seinare år har òg fish and chips begynt å bli kjøleg vanleg i USA og mange andre plassar. I fleire tiår var fish and chips den dominerande, eller ofte meir eller mindre einaste, gatekjøkenmaten i Storbritannia.   Les meir …
Pepparkakor er ein slags tynne, sprøe kakor som får den krydra smaken sin tå ingefær og minst eitt anna krydder, men ikkje allveg peppar. Frå tidleg på 1800-talet har pepparkakor særleg vorte assosierte med jula i Skandinavia, men dei blir etne i andre samanhengar og på andre tider tå året òg. Den 9. desember er «pepparkakans dag» i Sverige. Den første dokumenterte bakinga og etinga tå pepparkakor i Skandinavia fann stad seinhausten 1335, truleg på Båhus festning på den daverande grensa mellom Noreg og Sverige: Rekneskapa for råvareinnkjøpa til bryllaupet mellom kong Magnus Eriksson av Sverige, Noreg og Skåne og Blanca av Namur opplyser tydeleg at dei baka pepparkakor.   Les meir …
Samōsā (hindī समोसा [sɐ'mo:sɑ:], marāṭhī सामोसा [sɑ:'mo:sɑ:]) er ein indisk matrett som består tå trekanta frityrsteikte porsjonspaiar med grønsaks- eller kjøttfyll, særleg med potet, løk og erter. Retten oppstod truleg i Uttar Pradesh og er no vanleg i India, Pakistan, Burma og nordetter til Uzbekistan. I tillegg kjenner ein han i andre land med indiske eller pakistanske innvandrarmiljø.   Les meir …
Tørrfisk er osalta fisk som er naturleg tørka tå sol og vind på hjell eller (sjeldnare) tørka i eigne tørkeri. Å tørke mat er verdas eldste kjente konserveringsmetode, og tørka fisk er haldbar i årevis. Metoden er billig òg — det kan gjerast tå fiskaren sjølv, og det gjer fisken enklare å transportere til marknaden. Tørking tå fisk er kjent frå gamle tider i Noreg; ordet «torsk» kjem tå det norrøne þurskr, som er ei samantrekt form tå þurrfiskr (‘tørrfisk’). Tørrfisken er den vara Noreg har eksportert lengst, og han er, ved sida tå råolje, naturgass og inntekter frå handelsflåten, den samfunnsøkonomisk mest lønsame eksportvara gjønom hundreåra. Fisk som er salta og flattørka blir kalla kleppfisk.   Les meir …

 

Personar

Aasmund Olavsson Vinje (f. 6. april 1818, d. 30. juli 1870) var ein norsk forfattar og bladmann. Kjente dikt av Vinje er «Våren», «Ved Rundarne», «Den dag kjem aldri» og «Blåmann». Han var født i Telemark fylke og voks opp på husmannsplassen «Plassen» eller «Plassevja», i Vinjestoga. Plassen låg under garden Uppistog Vinje. Familien var fattig, men glad i litteratur, og Vinje fekk tidleg smaken på å lesa. Aasmund gjekk på Heltbergs studentfabrikk og utdana seg seinare til jurist. Han var politisk aktiv og mista stillinga si som statstilsett jurist da han kritiserte utanrikspolitikken til staten.   Les meir …
Christopher Hansteen (fødd 26. september 1784 i Christiania, død 15. april 1873 i Christiania) var ein norsk astronom og matematikar. Han var professor i astronomi og praktisk matematikk (anvendt m.) ved «Det kongelige Frederiks Universitet i Christiania», no Universitetet i Oslo frå 1816 til 1861. Hansteen var ein sentral person i norsk og internasjonal vitskap på 1800-talet.   Les meir …
Jean-Baptiste Reinhardt (19101953), mest kjent som «Django Reinhardt», var ein belgisk-fransk jazzgitarist som var kjent for virtuos sigøynarjazz. Han blir rekna som ein av dei mest innflytingsrike jazzmusikarane, og han var òg ein av dei første gitarsolistane innanfor jazzen.   Les meir …
Israel Gottlieb Wernicke (1755-1836) var ein musikar, komponist og musikklærar frå Bergen som blant anna skreiv oratoria Ramdeo Rhator (eit indisk susjett) og Furius Camillus. Israel Gottlieb Wernicke vart fødd den 2. februar 1755 i Bergen som son tå den tyskfødde Johan Gottlieb Wernicke (d. 1775), organist ved Domkirkja i Bergen, og kona Justina, f. Rhode, ho òg tå tysk slekt frå Rostock. Han vart dimittert frå Bergens Kathedralskole i 1771. Etter detta reiste han til København og vart ein svært flink student, men musikken vart tidleg det viktigaste for han.   Les meir …
Jørgen Moe (18131882) var ein norsk biskop og eventyrsamlar. Han er mest kjent for Asbjørnsen og Moe sine Norske folkeeventyr. Jørgen Engebretsen Moe vart fødd den 22. april 1813 på garden Mo i HoleRingerike. Han er mest kjent som den eine delen av Asbjørnsen og Moe, namneparet som er vorte eit synonym for bokverket Norske folkeeventyr. Det var i ungdommen Moe vart kjent med Peter Christen Asbjørnsen, og dei to reiste kring og skreiv ned folkeeventyr dei vart fortalt.   Les meir …
Ḥakhám Ovadia Yosef, hebr. עובדיה יוסף (f. 1920); òg skrive Ovadia Yossef, er ein ḥaredisk rabbinar, talmúdlærd og posék (anerkjent halakhá-tolkar). Han er tidlegare sefardisk risjón leṢijjón (sefardisk overrabbinar i Israel) og noverande åndeleg leiar for det politiske partiset Shas i Knesset (det israelske parlamentet). Ḥakhám Yosef sine tesjubót (halakhiske svar) er kjøleg høgt respekterte i den ortodokse verda og blir sett på som bindande i mange mizraḥiske samfunn.   Les meir …

 

Kystkultur

Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere for i kompasskursen om bord på ein båt, eit skip eller eit luftfartøy som kjem frå magnetismen i sjølve fartøyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt fortekn. Han vil òg endre seg i etter kursen til fartøyet, slik at det må settast opp ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen for olike retningar.   Les meir …
Fish and chips eller fish ’n’ chips (ofte kalla fishan i Kristiansund), eller deigdyppa og frityrkokt fisk med frityrkokt potet, er ein populær gatekjøkenmattypeengelsk opphav. Utanom England er fish and chips populær elles på Dei britiske øyane, i Australia, på New Zealand, i Canada og i nokre kystbyar i Nederland og Noreg. I seinare år har òg fish and chips begynt å bli kjøleg vanleg i USA og mange andre plassar. I fleire tiår var fish and chips den dominerande, eller ofte meir eller mindre einaste, gatekjøkenmaten i Storbritannia.   Les meir …
Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgatta ro- og seglbåttypen frå Nordmør og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstamna vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstamna åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denna båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.   Les meir …
Ein oktant (av lat. octans, ‘⅛ tå ein sirkel’) eller ein reflekterande kvadrant er eit geometrisk måleinstrument som først og fremst blir bruka i navigasjon. Namnet oktant kjem tå at sjølve bogen på måleinstrumentet utgjer ein åttedels sirkel, og namnet reflekterande kvadrant viser til at instrumentet brukar spegel for å doble den observerte vinkelen til ein fjerdedels sirkel. Andre historiske namn inkluderer astroskop og sjøkvadrant. Oktantane kom i bruk som navigasjonsinstrument i 1730-åra og tok etterkvart over den rolla som kvadranten, og i mindre grad òg framleis jakobsstaven, hade havt tidlegare.   Les meir …
SS «Statsraad Lehmkuhl» er Bergen sitt skuleskip. Seglskipet vart bygd tå Joh.C. Tecklenborg i Geestemünde i Bremerhaven i 1914 under namnet «Grossherzog Friedrich August» som skuleskip for den tyske handelsflåten. Etter første verdskrigen vart skipet teke tå Storbritannia som krigserstatning. I 1921 vart skipet kjøpt tå Norges Rederforbund på initiativ frå tidlegare statsråd Kristofer Lehmkuhl. Skipet vart da oppkalla etter Lehmkuhl.   Les meir …
Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmør og tildels Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til om lag 1880. Mindre båtar vart bygde inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygde og har både årar og segl. Dei er særleg kjennetekna tå skroget, som er snidbetna, og lårseglet. Dei eldste fysiske spora etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – på naust, løer og andre uthus. Båtmaterialane har vorte bruka på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjøen. Rekonstruksjon og oppmåling tå båtdeler viser lita endring i byggjemåte og skrogform fram mot dei siste båtane som vart bygde. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte bruka til å byggje oppatt båtar.   Les meir …

Musikk

Antônio Carlos Gomes (18361896) var ein brasiliansk komponist som blir rekna som den mest framtredande operakomponisten i Sør-Amerika. Komposisjonsstilen hans var sterkt prega tå den italienske stilen. Antônio Carlos Gomes vart fødd den 11. juli 1836 i landsbyen São Carlos (den noverande storbyen Campinas) i det sørlege Brasil som son tå dirigenten Manuel José Gomes og Fabiana Maria Jaguari Cardoso. Faren gav han den første musikkundervisninga. Seinare studerte han først musikk ved musikkonservatoriet i Rio de Janeiro, og så med Lauro Rossi i Milano i Italia.   Les meir …
Erik Almhjell (1881-1963) var ein notekyndig spelemann frå SunndalenNordmør. Opptaka av Erik Almhjell åleine og i fleirstemt samspel med sambygdingen Tore Hoås, såvel som notenedskriftene Erik gjorde, utgjer svært sentrale kjelder for sunndalstradisjonen av folkemusikken på Nordmør. Særleg interessante er opptaka av sunndalsspringaren.   Les meir …
Georg Friedrich Händel eller George Frideric Handel (168514. april 1759) var ein tyskfødd barokkomponist som i vår tid er særleg kjent for oratoriet The Messiah (Messias) og orkesterverka The Celebrated Water Musick og Musick for the Royal Fireworks. Georg Friedrich Händel vart fødd den 23. februar 1685 i Halle i det daverande kurfyrstedømmet Brandenburg av foreldra Georg Händel (16221697) og Dorothea Taust (16511730). Sjølv om faren gjorde sitt beste for å halde han unna musikken og pense han inn på advokatyrket i staden, viste Georg Friedrich tydeleg talent for tangentspel allereie i sjuårsalderen. Ni år gammel begynte Georg Friedrich å komponere musikk.   Les meir …
Thomas Augustine Arne (mars 17105. mars 1778) var ein engelsk komponist som er mest kjent for den populære patriotiske songen «Rule, Britannia!» som framleis blir mykje framført — blant anna under Last Night of the Proms. Arne er òg kjent for å ha sett musikk til mange songar frå skodespela ått William Shakespeare. Thomas Augustine Arne vart fødd i mars 1710 i Covent Garden i London i ein familie som hade slege seg opp i møbeltrekkingsbransjen. Han fekk utdanninga si ved Eton College og var interessert i musikk frå tidleg i ungdomsåra. Eit tilfeldig møte med Michael Festing gav honom rikeleg høve til å pleie musikkinteressa si, men far hans ville likevel at sonen skulle bli jurist.   Les meir …

 

Kunst og handverk

Esnogaen i Amsterdam frå 1639 var den første felles portugisarjødiske synagogen i Amsterdam. Tidleg på 1600-talet opna dei spanske og portugisiske jødane i Amsterdam tre synagogar i jødekvarteret på Vloonburg-øya i Amsterdam — Beth Jacob (ca1602/1610), Neve Shalom (spanske jødar, ca 1608/1612) og Beth Israel (1618). Dessa tre meinigheitene samarbeidde mykje frå 1622 av, og i 1639 vart dei samanslegne under det noverande namnet Talmud Torah. Ein bygde da om to hus ved den daverande Houtgracht til ein felles synagoge.   Les meir …
Esnogaen i det som no er 5 Creechurch Lane i London vart innreidd i 1657 og var den første offisielle synagogen i England sidan utvisinga av jødar frå England i 1290. Denna synagogen var i bruk fram til Bevis Marks-synagogen vart innvigd i 1701.   Les meir …
Gol stavkirkje er ei stavkirkje frå Gol i Hallingdalen i Buskerud frå kring 1200 som no står på Norsk FolkemuseumBygdøy i Oslo. Kirkja var i vanleg bruk på Gol i fleire hundre år, men vart gradvis så nedslita og fullstappa at kirkjelyden fekk bygd ei ny. Stavkirkja skulle rivast, men vart redda tå Fortidsminneforeningen og kong Oscar II, som fikk henne flytta til Bygdøy og restaurert til slik ein meinte ho hade vore før reformasjonen.   Les meir …
Tingvoll kirkje (uttale /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔ/ (N/A) / /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔɲ:/ (D)) på TingvollNordmør er ei steinkirkje som vart bygd kring 1180 i romansk stil. Ho er ei tå dei gamle steinkirkjone som vart bygde i Noreg gjønom tidene som enno står og framleis er i bruk. Kirkja og det store vinkelrette våningshuset i nærheita ligg sentralt til på eit nes på nordsida tå Tingvollvågen. I eldre tider var Tingvoll truleg tingstad for Nordmør, og det er difor ikkje onaturleg at kirkja vart bygd her. Veggene i kirkja er opptil 1,8 meter tjukke og har gangar inni, både på nordsida og sørsida. Dei går i trappetrinn bratt opp til murkrona oppunder sperrverket og så like bratt ned igjen. Det er eit mysterium kvifor dei vart bygde.   Les meir …

 

Populære sidor

  1. Synagoge ‎(4 033 visingar)
  2. Jødedom ‎(3 568 visingar)
  3. Jiddisch-norsk ordbok - P ‎(3 259 visingar)
  4. Portugisarjødar ‎(2 972 visingar)
  5. Geitbåt ‎(2 721 visingar)
  6. Islām ‎(2 459 visingar)
  7. Jiddisch-norsk ordbok - A ‎(2 257 visingar)
  8. Sikhisme ‎(1 927 visingar)
  9. Pesaḥ ‎(1 921 visingar)
  10. Kva er ein synagoge ‎(1 635 visingar)
  11. Buddhisme ‎(1 586 visingar)
  12. Indisk mat ‎(1 499 visingar)
  13. Det osmanske riket ‎(1 479 visingar)
  14. Ḥanukká ‎(1 426 visingar)
  15. Generelt om jødedom ‎(1 416 visingar)
  16. Regina Jonas ‎(1 349 visingar)
  17. Jødisk mat ‎(1 348 visingar)
  18. Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim ‎(1 303 visingar)
  19. Hinduisme ‎(1 285 visingar)
  20. Sjabungót ‎(1 284 visingar)
  21. Tallét ‎(1 254 visingar)
  22. Nordmør ‎(1 246 visingar)
  23. Sefer ‎(1 245 visingar)
  24. Ḥasidisk jødedom ‎(1 238 visingar)
  25. Bahá’ítru ‎(1 216 visingar)
  26. Jødekakor ‎(1 199 visingar)
  27. Romanifolk ‎(1 180 visingar)
  28. Sjabbát ‎(1 174 visingar)
  29. Jiddisch-norsk ordbok ‎(1 142 visingar)
  30. Oktant ‎(1 129 visingar)
  31. Fjording ‎(1 097 visingar)
  32. Samar ‎(1 070 visingar)
  33. Draft ‎(1 067 visingar)
  34. Hemne prestegjeld ‎(1 052 visingar)
  35. Hebraisk ‎(1 024 visingar)
  36. Veiholmen ‎(1 018 visingar)
  37. Religion ‎(1 006 visingar)
  38. Ortodoks jødedom ‎(1 001 visingar)
  39. Borecas ‎(994 visingar)
  40. Bacalao ‎(973 visingar)
  41. Sauehald ‎(963 visingar)
  42. Kasjrút ‎(937 visingar)
  43. Asjkenazím ‎(936 visingar)
  44. Jiddisch ‎(912 visingar)
  45. Jackie Tabick ‎(910 visingar)
  46. Haredyr ‎(906 visingar)
  47. Aasmund Olavsson Vinje ‎(905 visingar)
  48. Romsdaling ‎(902 visingar)
  49. Rekonstruksjonistisk jødedom ‎(899 visingar)
  50. Torá ‎(872 visingar)
  51. Jødar ‎(865 visingar)
  52. Harimandir Sāhib ‎(858 visingar)
  53. Sefardím ‎(839 visingar)
  54. Kultur ‎(834 visingar)
  55. Miljø ‎(828 visingar)
  56. Tørrfisk ‎(822 visingar)
  57. Jødestjerne ‎(812 visingar)
  58. Grindverk ‎(804 visingar)
  59. Sau ‎(804 visingar)
  60. Georg Friedrich Händel ‎(790 visingar)
  61. Kristendom ‎(789 visingar)
  62. Emanuel Mendez da Costa ‎(787 visingar)
  63. Kleppfisk ‎(777 visingar)
  64. Israelitischer Tempel i Poolstraße i Hamborg ‎(774 visingar)
  65. Rommani ‎(774 visingar)
  66. Kohén ‎(772 visingar)
  67. Sukkót ‎(770 visingar)
  68. Lefse ‎(759 visingar)
  69. Saltfiskball ‎(759 visingar)
  70. Tefillín ‎(753 visingar)
  71. Ḥaróset ‎(752 visingar)
  72. Mezuzá ‎(750 visingar)
  73. Jødisk fornying ‎(747 visingar)
  74. Hekhál ‎(745 visingar)
  75. Masorti jødedom ‎(745 visingar)
  76. Norsk-engelsk temaordliste ‎(729 visingar)
  77. Abraham Geiger ‎(728 visingar)
  78. Kollhuve ‎(723 visingar)
  79. Aasmund Olavsson Vinje: «Blåmann, Blåmann, bukken min» ‎(717 visingar)
  80. Al-Qur’ān ‎(715 visingar)
  81. Gurmukhī ‎(713 visingar)
  82. Lårsegl ‎(707 visingar)
  83. Tenákh ‎(707 visingar)
  84. Hardangerjakt ‎(701 visingar)
  85. Wilhelm Lund ‎(701 visingar)
  86. Fosen ‎(698 visingar)
  87. Harar ‎(697 visingar)
  88. Wilh. Lund: «En røgstue paa Nordmøre» ‎(697 visingar)
  89. Innersetra på Tustna ‎(683 visingar)
  90. St. Eystein kirkje i Kristiansund ‎(677 visingar)
  91. Gurū Nānak Dēv ‎(672 visingar)
  92. Pandjābī ‎(667 visingar)
  93. Skonnert ‎(658 visingar)
  94. Tingvoll kommune ‎(656 visingar)
  95. Ris ‎(655 visingar)
  96. Midt-Noreg ‎(654 visingar)
  97. Samōsā ‎(648 visingar)
  98. Leví ben Geresjón ‎(645 visingar)
  99. Kastiljansk ‎(644 visingar)
  100. Jiddisch-norsk ordbok - J ‎(642 visingar)

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om musikk- og/eller kulturhistorie, skandinavisk kystkultur, religion/livssyn (inkludert bahá’ítru, buddhisme, islam, jødedom, sikhisme o.a.) eller urfolk og minoritetar (inkl. samar og reisande), og du godtek retningslinone, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle tå¨Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...

Andre wikiar

WIKIPEDIA: nynorsk · bokmål · svensk · dansk · færøysk · islandsk · nordsamisk · finsk · engelsk · jiddisch · nederlandsk · plattysk · tysk · djudíospanjol · fransk · kastiljansk · portugisisk · hebraisk

ANDRE: Farmasihistorie.com · Kunsthistorie.com · Lokalhistoriewiki.no



Personlege verktøy
På andre språk