Potetkaker - Safon.org

Potetkaker

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Potetkaker eller lumper er ein type småe lefser med potet som hovudingrediens. I mange hus på Nordmør, og mange andre stader òg, kunne potetkaker — gjerne steikte direkte på toppen av vedkomfyren — vera bortimot fast tilhør til nonsmaten. [Bur du i eit hus utan vedkomfyr, kan du sjølvsagt òg steikje dei på elektrisk takke eller tørr steikjepanne.] Potetkakene kjem best til sin rett når ein et dei med ekte smør, og i tillegg kan ein ha brunost på. For den som likar søtt, er dei gode med smør og sukker, evt. òg kanel, på.

[endre] Oppskrifter

[endre] Potetkaker frå Nordmør

Ingrediensar

— kokte, skrelte potetarbyggmjølkveitemjøl 

Framgangsmåte

Mal eller gni potetane til massen er jamn og fin. Tak potet nok til éi kake, bland med litt mjøl (minst muleg). Form emnet som ei kule, klem det litt ut og kjevl det ut med rutekjevle til det er eit par mm tjukt. Steik potetkaka på begge sidene på takke eller tørr steikjepanne.

Servér ved kaffi / nonsmat (ettermiddagsmat) / brødmåltid. Etast med smør og anten ost eller sukker og evt. kanel.

Personlege verktøy