Polarlys - Safon.org

Polarlys

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Nordlys på nattehimmelen over Sortland i Vesterålen, våren 1995.Foto:Olve Utne
Nordlys på nattehimmelen over Sortland i Vesterålen, våren 1995.
Foto:Olve Utne

Polarlys (lat. Aurora polaris ) er eit naturfenomen som oppstår når solvinden er kraftigare enn normalt, med store elektriske utladingar som slyngar elektrisk ladde partiklar (elektron og proton) mot jorda. Når desse partiklane kolliderer med, og ioniserer, luftmolekyl i den ytre delen av atmosfæren (90 km til 150 km over bakken), blir det produsert «dansande» (bølgjande) lys med ulike fargar.

På den nordlege halvkula blir polarlyset kalla nordlys (lat. Aurora borealis ), og på den sørlege halvkula blir det kalla sørlys (lat. Aurora australis ). Nord- og sørlys opptrer i ein oval ring rundt den magnetiske nord- eller sørpolen.

I Noreg er nordlyset mest aktivt like før midnatt, to-tre døgn etter at store solflekkar har hatt utbrot på sola. Dei beste nordlysmånadene er mars, april, september og oktober.

[endre] Berakhá

Den som ser polarlys seier berakháen over astronomiske fenomen:

בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. בּוֹרֵא מַֽעֲשֵׂה בְרֵאשִׁית׃

Signa er Du, ADONÁI, vår Elohím, regent over universet, skapar av skapingsakta.

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, boré mangasé beresjít.

Bendito tu .A., nuestro Dio, rey del mundo, hazien la obra de Beresit

[endre] Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Polarlys» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy