Panīr
Frå Safon.org
Panīr (hindī/marāṭhī पनीर [panīr]; pandjābī ਪਨੀਰ [panīr]; en. paneer) er ein tørr og saltfri ferskost som er mykje bruka i indisk mat. Blant buddhistar som et berre laktovegetarisk kost er panīr ei av hovudkjeldene til proteinar i kosthaldet. Panīr er bruka i karrirettar og er òg populær å rulle deig kring og steikje. Den usalta panīr-osten er ein allsidig ingrediens som kan brukast til å laga både middagsretter, småretter og søtsaker med.
Innhaldsliste |
[endre] Framstilling
Ein finn vanlegvis panīr til sals i indiske og pakistanske matvarebutikkar, men det er òg vanleg å laga panīr sjølv heime. For å laga panīr treng ein mjølk og litt syre — vanlegvis anten litt sitronsaft eller litt sitronsyre utrørt i vatn (½ ts sitronsyre utrørt i 2 msk vatn til 1 l mjølk). Kok opp mjølka under stadig røring, tilset syra litt etter litt og rør ho inn. Når mjølka byrjar å skilje seg i kvit ostemasse og gulaktig myse, slå av varmen, dekk over og lat stå i 3–4 minutt. Hell ostemassen i eit osteklede, tak saman endane og vri ut mest muleg av væska mens du held ostekledet under rennande vatn. Form osten medan han enno er i ostekledet og legg osten med ostekledet ikring under ei tung vekt i 2–3 timar.
[endre] Bruk
I motsetnad til andre ostar, smeltar ikkje panīr ved vanlege koke- og steikjetemperaturar, og panīr er difor populær i mange indiske varmrettar — slik som panīr matar (panīr med erter), panīr makhanvala (panír koka i ghee (klåra smør)) og panīr burdjī smuldra panīr-karri). To av dei mest populære rettene i nordindisk kokekunst er pālak panīr (panīr- og spinatkarri) og sāg panīr (panīr-, spinat- og t.d. kløver- el. sennepsblad-karri).
[endre] Kjelder
[endre] Eksterne lenkjer
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
Kategoriar: GFDL | Ost | Indisk mat | Matretter
