Pesaḥ - Safon.org

Pesaḥ

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Pèsaḥ)
Jump to: navigation, search

Pesaḥ

Maṣṣá sjemurá.

Bedikàt ḥaméṣ
Førebuing til Haggadáen


Haggadá:
Kaddésj urḥáṣ
karpás jáḥaṣ
.
Maggíd ráḥaṣ
   moṣí maṣṣá
.
Marór korékh,
sjulḥán ngorékh.
Ṣafún barékh,
   hallél nirṣá


Songar:
Ki lo naé · Mi eḥád jodéang · Addír Hu Ḥad gadjá ·
S: Mossé salió de Miṣráyim · Mossé, Mossé · Bendigamos · Quien supiese
A:


Mat:
matføreskrifter · matvarer
karpás · maṣṣót · zeróang · beṣá · marór · ḥaróset
S: rosinvin · mina de maṣṣá · codrero al horno
A: gefillte fish · matse-brei

Ein mann held to maṣṣót (flatbrød, usyra brød). Illustrasjon frå København-haggadáen — eit illustrert manuskript frå 1739.
Ein mann held to maṣṣót (flatbrød, usyra brød). Illustrasjon frå København-haggadáen — eit illustrert manuskript frå 1739.

Pesaḥ (hebraisk פֶּסַח ['pesaḥ]), òg skrive pesach, eller jødisk påske er den første av dei tre jødiske valfartsfestane og blir markert i sju eller åtte dagar frå den 15. nisán. Ein rører ikkje vanlege korn- og brødvarer i alle dei sju eller åtte dagane pesah varar. For å unngå ulovleg mat, lagar eller kjøper ein berre spesielle matvarer for pesaḥ som er garantert frie for dei fem kornslaga anna enn i form av maṣṣót.

Den første kvelden, og oftast òg den andre, held ein eit spesielt påskemåltid med symbolske matretter som karpás (selleri eller andre grønsaker), maṣṣót (flatbrød), bitre urter, eit grilla lammebein, eit grilla egg og sausen ḥaróset — ein saus som skal minne om mørtelen dei israelittiske slavane brukte i Egypt. Kvar person drikk fire glas vin eller druejus. Med bakgrunn i desse matrettene og andre rituelle handlingar les ein Haggadá sjel pesaḥ om utgangen av Egypt.

[endre] Bakgrunn

[endre] Ordet pesaḥ

Sjølve ordet «pesaḥ», som òg finst innlånt til norsk gjennom arameisk og gresk i forma «påske», er avleidd av den hebraiske ordrota פסח P-S-Ḥ som tyder ‘passere’. Vi les i 2. mosebok at da Gud lova israelittane å gjera dei frie, sa Gud at alle dei førstefødde i Egypt skulle døy. Men israelsborna skulle sette eit merke av lammeblod på dørkarmane sine, וראיתי את־הדם ופסחתי עליכם [vera’íti et-haddám, ufasàḥti ngalekhém] «og Eg vil sjå blodet, og Eg vil gå forbi dykk». (2. mos.) 12:13)

Ei side frå Kaufmann-haggadáen, eit sefardisk manuskript frå sist på 1300-talet.
Ei side frå Kaufmann-haggadáen, eit sefardisk manuskript frå sist på 1300-talet.

[endre] Opphavet åt pesaḥ

Sjølv om termen «pesaḥ» ikkje finst nemnd før 2. mosebok, er det mykje som tyder på at høgtida har tidlegare røter. Frå jødisk teologisk perspektiv har det vore peikt på at ordet maṣṣá finst allereie i 1. mos. 19:3, der Lot vart vitja av to englar: «Og han laga åt dei eit gilde, og maṣṣót baka han, og dei åt.» Maimonides kommenterer til dette: פסח היה «det var pesaḥ». Andre vil derimot seie at det avgjerande i denne situasjonen var at den uventa vitjinga gjorde at han ikkje hadde tid til å laga vanleg brød, men laut laga maṣṣót (flatbrød) i staden, sidan dette er snøggare å baka.

Mange trekk i pesaḥfeiringa tyder på at denne høgtida har delar av opphavet sitt i ein innhaustingsfest. Blant desse trekka kan nemnast etinga av det usyra brødet, ei markering av den nye kornavlinga. Frå andre dagen av pesaḥ og i dei 49 dagane fram til sjabungót (vekefesten eller pinsa) tel ein ngómer, dvs. ‘kornband’, til minne om korleis den nye byggavlinga vart brakt åt Tempelet i Jerusalem for ofring.

Av noko nyare dato er historia om utgangen av Egypt: Ein feirar korleis ADONÁI med hjelp av Mosjé og Aharón førte israelittane ut av Egypt med mange teikn og under; korleis den siste av dei ti landeplagene ikkje ramma israelittane fordi dei ofra eit lam og smurde eit merke av blodet på dørkarmane; korleis oppbrotet skjedde så snøgt at deigane ikkje vann å heva seg, slik at ein laut eta det usyra brødet; og korleis israelittane fekk ToráenSinaifjellet.


Toradsbygg (Hordeum distichum). Legg merke til dei tydelege radene i aksa.
Toradsbygg (Hordeum distichum). Legg merke til dei tydelege radene i aksa.

Havre (Avena fatua el. Avena sativa). Legg merke til den karakteristiske spreiinga av korna.
Havre (Avena fatua el. Avena sativa). Legg merke til den karakteristiske spreiinga av korna.

[endre] Matføreskrifter

[endre] Ḥamés

Gjæra kornmat av dei fem kornslaga som er definerte i Misjná blir kalla ḥaméṣ og er forboden å eta eller eiga under alle dagane av pesaḥ. Dette inkluderer all mat som inneheld noko som helst mengd av dei fem slaga, anna enn om han er spesielt tillaga på eit vis som gjer at ein kan rekne det for visst at maten ikkje er gjæra. (Meir om dette finst under avsnittet Maṣṣá nedanfor.)

[endre] Dei fem kornslaga

Dei fem kornslaga svarar til brødkveite/emmer, durumkveite/spelt og einkorn i sine variantar og til bygg (toradsbygg og vanleg bygg). Det er noko tvil om nøyaktig fastsetting av kveite- og speltslaga, men det er rimeleg klart at alle sortar kveite og spelt høyrer til dei fem slaga. Truleg ikkje tilhørande dei fem slaga i snevraste meining er rug, men ein reknar likevel rug med blant dei fem slaga på grunn av den nære slektskapen med kveite.

Den noko fjernare slektningen havre blir av den asjkenaziske Rashi rekna opp som eit av dei fem slaga, men den sefardiske Maimonides viser til at det kornslaget Rashi skriv om her svarar til villbygg, eller toradsbygg. Dette er òg meir i samsvar med definisjonen i Talmúd jerusjalmí, der det går klårt fram at det karakteristiske ved dette kornslaget er radstrukturen. I tillegg stemmer det godt med nyare forsking, som har funne at havre ikkje inneheld same slag gluten som dei andre kornslaga. [1]

[endre] Maṣṣá

Bitar av fabrikklaga maṣṣót.
Bitar av fabrikklaga maṣṣót.

Som eit minne om utgangen av Egypt er det pålagt alle jødar å eta maṣṣá, eller usyra brød, på dei to første kveldane av pesaḥ. (I landet Israel og blant reformjødar: berre den første kvelden.) Dette brødet må vera laga etter svært strenge føreskrifter:

Mjølet må vera hovudsakleg frå dei fem kornslaga. Alt mjølet som blir bruka må vera tørrmole, heilt tørt og heilt fritt for fuktskade. Ein blandar berre inn reint vatn som har stått tildekt natta over, og frå ein blandar i vatn via utkjevlinga til tynne flatbrødleivar og til maṣṣáen blir steikt på bakstehella eller i bakaromnen må det ikkje taka meir enn 18 minutt.

Maṣṣá og maṣṣámjøl (finknust maṣṣá) er dei einaste matvarene av dei fem slaga det er lov både eta og eiga under pesaḥ — med unntak av heile, gjennomrista gryn.

Sjølv om det ikkje er noko påbod om å eta maṣṣá under resten av pesaḥ, et ein vanlegvis maṣṣá da òg, ettersom dette er den einaste tillatne brødmaten av dei fem slaga.

Ein kan sjølvsagt òg eiga umole heilkorn for såkorn og for seinare maling, men dette lyt bli lagra heilt tørt og kan ikkje bli bruka til mat under pesaḥ anna enn som nemnt ovanfor.

[endre] Ris

Ris høyrer ikkje med til dei fem kornslaga, men er likevel rekna som forboden av dei fleste asjkenaziske jødar. Merk at ris ikkje er ḥaméṣ; det er lov å eiga ris under pesaḥ — sjølv for dei som ikkje tillèt å eta ris under pesaḥ.

Blant mange sefardiske og mizraḥiske jødar er derimot ris tillaten å eta, og pesaḥ er ei tid med mykje vekt på rismat av ulike slag. Blant dei som et ris under pesaḥ er det oftast skikk at ein går nøye gjennom risen og sorterer ut alle eventuelle korn av dei fem slaga.

[endre] Kitnijjót

Asjkenaziske jødar og nokre europeiske sefardiske jødar unngår òg tradisjonelt å eta belgvekstar, eller såkalla kitnijjót, under pesaḥ. Grunnen til dette var opprinneleg at ein er redd at ertermjøl og liknande kan bli ihopblanda med mjøl av dei fem slaga. Definisjonen av kva som blir rekna som kitnijjót er vorten svært mykje utvida i asjkenazisk ortodoks jødedom i seinare år. Mange inkluderer til dømes mais (som ikkje er ei belgfrukt) og friske brekkbønner (som absolutt ikkje kan mistakast som mjøl).

[endre] Rituale

Påskemåltid blant portugisarjødar i Nederland tidleg på 1700-talet. (Bernard Picart)
Påskemåltid blant portugisarjødar i Nederland tidleg på 1700-talet. (Bernard Picart)

[endre] Séder el. haggadá

På den første kvelden av pesaḥ (i Israel, og dessutan blant karaittiske jødar og reformjødar) eller på dei to første kveldane av pesaḥ (i dei fleste tradisjonane) held ein seder (asjk.) eller haggadá (sef.) — eit festmåltid med rituelle matslag og lesing av påskeforteljinga, Haggadá sjel pesaḥ. Påskeforteljinga inneheld historia om korleis israelittane forlét Egypt under leiing av Moses. Måltidet inneheld spesielle fat med rituelle matslag; inkludert bitre urter, to slag koka mat (oftast eit hardkoka og grilla egg og eit ubrote lammebein med noko kjøt på), maṣṣót (usyra brød) og ḥaróset — ei finhakka blanding av frukt, nøtter, vin/eddik og kanel som symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt. Alle som er til stades drikk òg fire småe glas druevin eller druejuice i løpet av ritualet.

[endre] Kva tid er pesaḥ i år?

Pesaḥ er ofte på omlag same tid som den kristne påska, men fell stundom i månaden etter — særleg i jødiske skotår. Lista nedanfor gjeld for tradisjonell rabbanittisk jødedom utanfor landet Israel. Dei to første døgna og dei to siste døgna er fulle heilagdagar, dei mellomliggjande døgna er ḥol hammongéd (romhelg). Blant jødar i landet Israel, blant karaittiske jødar og ofte òg i reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom, feirar ein pesaḥ i sju døgn i staden for åtte, og høgtida sluttar dermed eitt døgn tidlegare. I desse tradisjonane er berre det første og siste døgnet fulle helgedagar, og alle dei mellomliggjande døgna er ḥol hammongéd.

[endre] Sjå òg

[endre] Lenkjer

[endre] Halakhá

Personlege verktøy