Påtar
Frå Safon.org
| påte, flått, skaubjønn | ||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| | ||||||||||||||
| Systematikk | ||||||||||||||
|
Påtar eller flåttar, òg kalla skaubjønnar o.a., er blodsugande middartar som hører til visse familiar av middar; i Noreg finst berre representantar for familien Ixodidæ.
Påtane lever kring to år og gjennomgår fire stadium (egg, larve, nymfe, vaksen) der inntak av blod frå virveldyr er essensielt for vidareføringa og til slutt formeringa av kvart individ. Det er i stadia som larve og nymfe dei bit mest. Påte finst i fleire variantar over heile verden. I Noreg finst det åtte artar. Påten varierer i størrelse frå éin til over ti millimeter, avhengig av stadium og kor mye blod han har soge.
Innhaldsliste |
[endre] Livsløp
Egga blir klekte tidleg på våren og dannar larver som vil søkje vertsdyr og suge blod. Etter måltidet vil dei falle ned og starte forvandlinga til nymfer. Utpå hausten er nymfa ferdig, men vil vera aktiv gjennom vinteren. Neste vår søkjer dei vertsdyr att (kan gjerne vera menneske), dett av etter måltidet og blir forvandla til vaksen påte. Formeringa skjer etter at den vaksne hoa har innteke enda eit måltid (sjeldan frå menneske); etterpå dett ho ned og legg egg i skogbotnen. Egga klekkjest så utpå våren.
Når påten er svolten, vil han krype oppover og lokalisere seg i høgt gras; når dyr passerer forbi, slepp dei seg ned på dei ved vibrasjon og kontakt — dei kan ikkje flyge eller hoppe. På vertsdyret vil dei bite seg fast og bli verande fleire dagar inntil dei er mette. Påtar trivst ikkje i ope landskap med direkte sol og kort gras. Ein kan rekne med betydelege mengder påte der det fer rådyr og hjort, og særleg mellom april og oktober. Fuktig mark og myr, spesielt i Agder, er særleg utsett, men ein finn påte langs kysten heilt opp til Brønnøysund. På Indre Austlandet reknar ein med at påtane har slege seg til for godt så langt nord som Mjøsbygdene. Det er òg funne påte i indre deler av Sør-Trøndelag
[endre] Smittefare
Påten er som en biologisk vektor, ein som kan overføre zoonosar, sjukdommar som blir overførte mellom dyr og menneske. Han kan vera berar av farlege bakteriar eller virus. Om han blir fjerna føre 24 timer, trur ein at bakteriane har hatt liten sjanse til å bli overført. Når det gjeld viruset, trur ein at smitten kan overførast langt fortare. Larver (har 3 par bein i motsetning til 4 par bein hos nymfer og vaksne) er i Noreg ikkje påvist å bera smitte. Særleg nymfene går på menneske, og av desse kan opptil tretti prosent vera infiserte med spiroketen.
[endre] Bakterie
Den vanlegaste smitten er bakteriegruppa Borrelia (spesifikt, bakterien Borrelia burgdorferi) som kan invadere nervesystemet og gje lammingar, leddsjukdom, kronisk hudsjukdom og smertetilstandar. Ein trur at 20–25 % av norske påtar ber denne bakterien; 50 % i aust og sør, og betrakteleg færre lengre nord. Fem prosent av dei infiserte av denne bakterien utviklar sjukdommen, kring 150 fall årleg. I tillegg til smågnagarar og fugl, kan store dyr som hjort vera vertsdyr.
Ein annan sjukdom (antal fall ukjent) kjem av bakteriegruppa Anaplasma (spesifikt Anaplasma phagocytophilum), som kan utvikle seg til sjukdommen anaplasmose, tidlegare kalla ehrlichiose. Denne gjev ein influensaliknande tilstand med akutt feber, muskelsmerter og hovudverk, og (mindre enn to prosent) AIDS-liknande immunsvikt. Det første fallet vart påvist i Noreg i 1998. Seinare har ein hatt nokre få fall.
[endre] Virus
Den tredje mulege smitten er Babesia, ein parasitt som kan gi påteencefalitt (skogflåttencefalitt; òg kalla enkefalitt, engelsk Tick Borne Encephalitis). Dette gjev ein malarialiknande virussjukdom som går til åtak på hjernen og skader han. Viruset finst helst med smågnagarar og fuglar. Sidan 1999 har Noreg hatt åtte tilfelle, og av desse fem i tilknyting til Tromøya utanfor Arendal. I vesteuropeisk form har viruset ei dødelegheit på 1 % og mulegheit for seinverknader. Sjukdommen er epidemisk i ein del område av Sentral- og Aust-Europa. Nokre mildare former finst i Baltikum, på Ålandsøyane og langs Austersjø-kysten.
Det finst effektiv vaksine mot påteencefalitt. Vaksinen er tilrådd for alle fastbuande og sommargjester som oppheld seg mykje i område der sjukdommen er vanleg (svært sjeldan aktuelt i Noreg).[1]
[endre] Forholdsreglar og tiltak
Kvart år førekjem det kring to millionar påtebit på menneske i Noreg. I Noreg blir Borrelia boren av 30–40 % av nymfene og 20–25 % av vaksne påtar. Det finst òg andre overslag på 20–30% for nymfer og 40–60% for vaksne.[2] Derfor er det tilrådd å leite etter påte om ein har vore i område med mykje påte og raskt fjerne dei påtane ein finn. Etter 24 timer er sjansen for smitte betrakteleg høgare. Vaksne påtar som ikkje har festa seg vil kunna sjåast på kleda som sakte og oppovergåande svartbrune, glinsande objekt på 1–2 mm (hoa er dobbelt så stor). Om han har bite seg fast, er dette ofte i område med tynn hud (skrittet, hårfestet, armholer) eller opne sår. Han sitt ofte halvvegs nedsøkkt i såret, bakparten ofte gråaktig og med størrelse avhengig av sugetid. Ein oppfylt påte kan bli 15 mm og vil vera kuleforma og gråblå. Ein merker normalt ikkje bitet på grunn av bedøvelsen i påtespyttet.
Tilrådd prosedyre er å klype forsiktig til over flåtten nær munnen med neglane eller med ein pinsett. Unngå å presse stoff frå påten inn i såret. Drei så påten og dra han ut. Dreieretninga er uviktig; påten har ikkje gjengar. Om munndeler sitt att i såret, spelar dette mindre rolle.[3] Sårsalve er tilrådd. Det finst òg tabletter som kan hjelpe førebyggjande mot infeksjonar; desse kan fåast med legen. Bitet vil uansett gje ein lokal, raud hevelse. Om det i løpet av 3—30 dager utviklar seg ein tydeleg ring kring såret eller eit ringforma utslett, har ein truleg vorte smitta av borreliabakterien og lyt behandlast snarast råd.
Påtar har ofte hardt skal og er særdeles robust mot forsøk på å avlive dei. Forsøk på å kvela påten (med gift, vatn eller neglelakk) slik at han slepper taket, vil neppe føre fram, ettersom påten normalt ikkje pustar meir enn to–tre gonger i minuttet. Som regel vil slike tiltak forseinke fjerning av påten og dermed virke mot sin hensikt. Ein trur at bruk av myggspray og kvitløkspulver kan virke avvisande på påten.
[endre] Forskning
Påte blir oppfatta som ein nasjonaløkonomisk risiko, og dei seinare åra har det vore sett av fleire midlar til forsking. Muligheita for ei kopling mellom påtebit og multippel sklerose vart utreidd i 2001 ved Vestfold Sentralsykehus. Høg påte-årsaka dødelegheit blant hjort har gjort at Veterinærinstituttet har starta utgreiing i Farsund og Molde (2005). Mikrobiologiavdelinga ved Sørlandet Sykehus har påte som spesialfelt. Muleg fugleboren påte blir òg studert gjennom eit fleirnasjonalt prosjekt, der Noreg deltar gjennom Universitetet i Oslo, Veterinærinstituttet, Folkehelseinstituttet og fire fuglestasjonar (Jomfruland, Akerøya, Lista og Store Færder). Samanliknande studium mot baltiske land har vore gjort av AS Teleplan. Auka hyppigheit dei seinare åra kan skyldast at tidlegare kulturlandskap gror att.
[endre] Mange namn på norsk
Påtar, og særleg den vanlege skogspåten, kan ha svært mange namn i norske dialektar. Slike namn inkluderer påte, flått (skauflått, saueflått, hundeflått, kinnflått, lyngflått, hasselflått, hatleflått, oreflått), skogbjørn (skogbjønn, skaubjørn, skaubjønn) og tikk (hanntikk). Andre namn inkluderer: skogmann, skaumann, blodmidd, hundemidd, orelus, einerlus, lyngbobb, sugar, bitar, stygging, stakkar, festning, festing, krekse og skogtroll.
[endre] Norske artar
I Noreg finst det åtte artar. Av desse kan nemnast:
- Skogspåte (Ixodes ricinus (L.)) – er den vanlegaste og er kjent for ofte å bera alvorleg smitte.
- Fuglefjellpåte (Ixodes uriae White) – truleg ikkje smitteberar.
- Huspåte, brun hundepåte (Rhipicephalus sanguineus (Latreille)) – truleg ikkje smitteberar.
- Musepåte – truleg ikkje smitteberar.
- Piggsvinpåte – truleg ikkje smitteberar.
[endre] Referansar
- ↑ Mal:Kilde www
- ↑ Mehl, Reidar: Flått og borreliose i Norge - epidemiologi.
- ↑ Mal:Kilde www
[endre] Lenkjer
- Artikkel om påte fra Forskning.no
- www.entomologi.se
- Pasienthåndboka.no om påte
- «Informasjon om borrelia» Mosken
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Flåtter» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
