Oscar Levertin
Frå Safon.org
Oscar Ivar Levertin (1862–1906) var ein svensk forfattar, kulturskribent og litteraturhistorikar. Levertin var ei dominerande stemme i den svenske kulturdebatten frå 1897, da han begynte å skrive i Svenska Dagbladet. Frå 1899 var han òg den første innehavaren av det nyoppretta professoratet i litteraturhistorie ved Stockholms universitet (daverande Stockholms högskola) og publiserte flittig og innflytnadsrikt i denne rolla òg; framfor alt studiar i svensk syttenhundretalslitteratur.
Oscar Ivar Levertin vart fødd den 17. juli 1862 i Gryts herrgård i Norrköping i Östergötlands län av jødiske foreldre. Faren var kunsthandlaren Vilhelm Philip Levertin og mora var Sofia Albertina Davidson.
Han dødde den 22. september 1906 i Stockholm.
I begynnelsen av sitt eige forfattarskap i 1880-åra var Levertin liksom August Strindberg ein del av den unge naturalismen, men han vart sterkt påverka av den romantiske og tilbakeskodande tonen i Verner von Heidenstam si første diktsamling Vallfart och vandringsår (1888). Levertin og Heidenstam kritiserte naturalismen i en felles pamflett, Pepitas bröllop (1890), og trass i at Levertin i motsetnad til mange generasjonskameratar aldri oppgav sitt vitskaplege og materialistiske historiesyn, kom han frå denne tida av til å kanalisere det meste av den litterære energien sin mot romantisk dikting med mellomaldertema. Levertin si første diktsamling, Legender och visor (1891), gav saman med Heidenstam sine dikt opphav til ei bølgje av interesse for slike tema i 1890-åra. I motsetnad til Heidenstam og mange andre si dikting kring denne tida er Legender och visor fri frå svensk nasjonalisme og hentar inspirasjon or mellomalderkjelder frå såvel Midtausten som Europa.
[endre] Bibliografi
- Från Rivieran: skisser från Medelhafskusten (1883)
- Småmynt: skizzer (1883)
- Konflikter: nya noveller (1885)
- Pepitas bröllop (med Verner von Heidenstam) (1890)
- Legender och visor: dikter (1891)
- Lifvets fiender : berättelse (1891)
- Nya dikter (1894)
- Diktare och drömmare (1898)
- Verner von Heidenstam : en silhouette (1898)
- Rococo-noveller (1899)
- Magistrarna i Österås (1900)
- Dikter: tredje samlingen (1901)
- Svenska gestalter (1903)
- Kung Salomo och Morolf: dikter (1905)
- Sista noveller (1906)
- Sista dikter (1907)
- Essayer: 1 (1918)
- Essayer: 2 (1918)
- Samlade skrifter (1907–1910), 24 vol.
- Kritisk prosa (2007)
[endre] Lenkjer
- Recensioner - Sammanställning på Runeberg över de recensioner Levertin skrev.
- Levertin, Oscar Ivar i Svenskt biografiskt handlexikon
- Lyssna till en fri MP3 inspelning av Wilhelm Stenhammars musik till Levertins poem Vårnatt med Hemavans Sommarkör 2006.
