Ole Bull - Safon.org

Ole Bull

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Ole Bornemann Bull (1810–1880)
Ole Bornemann Bull (1810–1880)

Ole Bornemann Bull (5. februar 181017. august 1880) var ein verdskjent fiolinist og komponist i romantikken. Gjennom ei utilslørt interesse for norsk folkemusikk spela han ei sentral rolle da eit eige norsk kulturbilde skulle byggjast opp i tida etter unionsoppløysinga frå Danmark.

Innhaldsliste

[endre] Livet

Ole Bull var fødd på Svaneapoteket i Bergen, der faren hans var apotekar. Familien hadde òg ein eigedom på ValestrandsfossenOsterøy. Her var Ole Bull fast kvar sommar frå han var liten gut, og det var her han vart interessert i norsk folkemusikk. Eigedomen på Valestrand kjøpte Ole Bull i 1858 av mor si for 16 000 spesiedalar. Saman med broren Georg Andreas Bull bygde han eit nytt hus i sveitserstil som vart heimen hans fram til 1872, da han kjøpte Lysøen i Os. Den nye villaen var teikna av Carl Fredrik von der Lippe, som òg teikna Kjøttbasaren i Bergen. Ole Bull sin heim «Lille Alhambra» (i nymaurisk stil og med russisk kuppeltårn) på Lysøen er i dag eit museum.

[endre] Verket

Allereie som tiåring var Bull ein framståande fiolinist. I tjueårsalderen vart han rekna som ein av dei store europeiske virtuosane, og da han var i 30-åra gjorde han det stort som artist i Nord-Amerika, der han bruka å halde til om vintrane.

Robert Schumann, Mark Twain, Henry Wadsworth Longfellow, William Makepeace Thackeray og George Bernard Shaw var alle beundrarar av Ole Bull. Han var ven med Franz Liszt og mentor for Edvard Grieg, og han kjente Bjørnstjerne Bjørnson godt. George Sand bruka Ole Bull som modell for romanen Malgrètout, og Henrik Ibsen la mange av eigenskapane hans inn i eventyrpersonen Peer Gynt.

I 1850 grunnla Bull det første norske teateret. Men det var musikken som låg nærast hjarta hans. Konsertane hans i Europa og USA var umåteleg populære, og kvinner dåna når den staute, høge og visstnok svært sjarmerande nordmannen stod på scena. Han kunne ta omtrent kor mykje som helst i inngangspengar — folk kom for å høre på han uansett.

Nymaurisk interiør frå Lysøen, villaen til Ole Bull.
Nymaurisk interiør frå Lysøen, villaen til Ole Bull.

[endre] Ettermæle

Det var i den storslegne villaen sin på Os at han endte sine dagar, med ein kvast røsslyng (favorittplanten hans) i neven. Gravferda hans i Bergen er sagt å ha vore den største og mest pompøse som nokon gong hadde funne stad i Noreg.

Dessverre bruka ikkje Ole Bull å skrive ned notane til musikken sin, for han hadde alle komposisjonane sine i hovudet. Derfor finst det berre svært få att i dag av komposisjonane hans. Stjernestatusen hans gjekk ned litt etter litt i åra etter at han dødde.

Ole Bulls plass i Bergen sentrum er oppkalla etter honom.

[endre] Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Ole Bull» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy