Olav Jakobsen Høyem
Frå Safon.org
Olav Jakobsen Høyem (1830–1899), mest kjent som O.J. Høyem, var ein lærar, telegrafist, seddeltrykkingsinspektør og lingvist frå Byneset ved Trondheim i Sør-Trøndelag. Far hans var Jakob Høyem og mor hans var Karen Olsdatter Prestegaard Høyem. Som lingvist kjempa han for ein nynorsk skriftnormal som låg nærmare trøndsk enn Ivar Aasen sin skriftnormal gjorde. Spesielt å merkje seg er at han tok i bruk den norrøne bokstaven ð som etymologisk merke i ord som með [me], der Ivar Aasen bruka vanleg d i staden. Han føretrekte òg å bruke a-endingar heller enn i-endingar i bunden form eintal av sterke hokjønnsord (sola, boka) og i bunden form fleirtal av inkjekjønnsord (husa).
[endre] Kjelder
[endre] Lenkjer
- «O. J. Høyems gate», artikkel i Adresseavisen 21. juli 2004
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
