Nymaurisk arkitektur - Safon.org

Nymaurisk arkitektur

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Detaljar frå taket på Lysøen, den nymauriske villaen til Ole Bull.
Detaljar frå taket på Lysøen, den nymauriske villaen til Ole Bull.

Nymaurisk arkitektur, òg kalla nymaurisk stil, er ei av dei eksotiske historismeretningane som vart tekne opp av europeiske og amerikanske arkitektar under romantikken med sin fascinasjon for alt orientalsk. Den nymauriske arkitekturen var på det mest populære etter midten av 1800-talet som ein del av eit stadig vidare register av dekorative element utover det klassiske og gotiske. I den nymauriske arkitekturen i Europa og Amerika vart det ikkje gjort skilnad på osmansk-tyrkiske og andalusisk-marokkanske trekk. Ein del bygningar inkluderer òg trekk frå sørasiatisk arkitektur og grensar slik til indosarasenisk arkitektur.

Typiske nymauriske trekk av osmansk opphav inkluderer slanke tårn med løkkuplar. Meir generelle trekk inkluderer hesteskobogar; rike, filigransaktige, abstrakte ornament; og geometriske figurar som seks- og åttekanta stjerner.

I Skandinavia er utprega eksempel på nymaurisk stil Ole Bull sin villa «Lille Alhambra» på Lysøen i Os, Stora Synagogan i Stockholm og kapellet ved Judiska begravningsplatsen vid Svingeln i Göteborg.

Interiør frå Det tyrkiske tempelet i Wien — ein osmansk-sefardisk synagoge innvigd i 1888.
«Den mauriske kiosken», ein paviljong ved Schloss Linderhof i Bayern i Tyskland. Paviljongen vart opprinneleg bygd som det prøyssiske bidraget til Verdsutstillinga i 1867 i Paris. Paviljongen vart flytta til Linderhof i 1876 og ombygd etter Ludwig II av Bayern sine ønske. (Foto: «Gryffindor», 2005)
«Den mauriske kiosken», ein paviljong ved Schloss Linderhof i Bayern i Tyskland. Paviljongen vart opprinneleg bygd som det prøyssiske bidraget til Verdsutstillinga i 1867 i Paris. Paviljongen vart flytta til Linderhof i 1876 og ombygd etter Ludwig II av Bayern sine ønske. (Foto: «Gryffindor», 2005)

Innhaldsliste

[endre] 1812–1840: Stilen oppstår

Dei «mauriske» parkstrukturane bygde i Sheringham i Norfolk i England kring 1812 var uvanlege på si tid — ein parallell til chinoiseriet som elles var på moten sist på 1700-talet — men så tidleg som i 1826 bruka den britiske arkitekten Edward Blore (17891879) «muhammedanske» bogar (hesteskobogar), kuplar av ulike størrelsar og former og andre detaljtrekk frå Midtaustens islamske arkitektur i utforminga av Vorontsovskijpalasset i AlupkaKrimhalvøya — eit område som allereie hadde vorte sterkt påverka av autentisk osmansk arkitektur.

[endre] Synagogearkitektur

Esnogaen i Zweite Marktstraße i Hamborg (1855) — ein portugisarjødisk synagoge med ein del nymauriske stiltrekk i detaljane.
Esnogaen i Zweite Marktstraße i Hamborg (1855) — ein portugisarjødisk synagoge med ein del nymauriske stiltrekk i detaljane.

Fram mot midten av 1800-talet vart den nymauriske arkitekturen svært vanleg blant jødar i Sentral-Europa. Blant både sefardím og asjkenazím vart arkitektoniske mujédar-element sett i samband med den gylne tidsalderen for jødar i mellomalderens muslimske Spania. Derifrå spreidde nymaurisk arkitektur som synagogearkitektur seg kring heile verda.

[endre] Gjennombrot i Nord-Amerika

I USA var det reiseskissa Alhambra (1832) som først gjorde det mauriske al-Andalus (Andalucia) kjent blant lesarane. Eit av dei første nymauriske byggverka i USA var Iranistan (1848) — eit ekstravagant herskapshus med løkkuplar og hesteskobogar i Bridgeport i Connecticut som tilhørte P.T. Barnum. I 1860-åra spreidde stilen seg utover Nord-Amerika. Av dei meir framtredande eksempla kan nemnast Olana, huset til målaren Frederic Edwin Church med utsikta over Hudsonelva; Castle Garden i Jacksonville i Florida og Nutt’s Folly i Natchez i Mississippi. Etter Den amerikanske borgarkrigen vart mauriske eller tyrkiske røykerom relativt vanlege. Det fanst ein del nymauriske detaljar i interiøret til Havemeyer-residensen på Fifth Avenue i New York City ved Louis Comfort Tiffany.

[endre] 1900-talet

[endre] Neomudéjar-stilen i Spania

I Spania, landet som vart oppfatta som opphavslandet for den mauriske ornamenteringsstilen, varierte interessa for denne typen arkitektur frå provins til provins. Hovudretninga innanfor spansk nymaurisk stil vart kalla neomudéjar.

[endre] Kjelder


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy