Noreg
Frå Safon.org
| |||||
| Nasjonale motto: Einige og tru til Dovre fell | |||||
| Fil:Location Norway.png | |||||
| Offisielle språk | Norsk, samisk | ||||
| Hovudstad | Oslo | ||||
| Styresett | Konstitusjonelt monarki Harald 5. Jens Stoltenberg | ||||
| Flatevidd - Totalt - Andel vatn | 324 220 * km² (118.) 6,0 % | ||||
| Folketal - Estimert (1. april 2008) - Folketeljing ({{{folketal_teljing_år}}}) - Tettleik | 4 753 400[2] (114.) {{{folketal_teljing}}} 14,7/km² (166.) | ||||
| Sjølvstende - Erklært - Anerkjent | Frå Sverige 7. juni 1905 26. oktober 1905 | ||||
| BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar | 193 660 mrd. USD (43.) 41 941 USD (2.) | ||||
| Valuta | Norsk krone | ||||
| Tidssone | UTC +1 | ||||
| Nasjonalsong | Ja, vi elsker dette landet | ||||
| Nasjonaldag | 17. mai | ||||
| Internasjonal telefonkode | +47 | ||||
| Nasjonale toppdomene | .no .sj .bv 1 | ||||
| *Flatevidd inkl. Svalbard og Jan Mayen er 385 199 km2. 1 .sj (Svalbard og Jan Mayen) og .bv (Bouvetøya) er ikkje i bruk. | |||||
Kongeriket Noreg (bokmål Kongeriket Norge; nordsamisk Norgga gonagasriika, lulesamisk Vuona gånågisrijkka, sørsamisk Nøørjen gånkarijhke) er eit nordisk land vest på den skandinaviske halvøya. Til lands grensar Noreg mot Sverige i aust, Finland og Russland i nordaust, og til havs mot Danmark i sør og Storbritannia i sørvest. Noreg er langt og smalt, og kysten strekkjer seg langsmed Nordatlanteren med havområda Skagerrak, Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.
Den arktiske øygruppa Svalbard er under norsk suverenitet med dei avgrensingane som gjeld i Svalbardtraktaten, men Svalbard er, akkurat som øya Jan Mayen, ein del av kongeriket. Bouvetøya i Søratlanteren er derimot eit norsk biland. Noreg gjer òg krav på Peter 1.s øy i det sørlege Stillehavet og territoriet Dronning Maud Land i Antarktis, men begge desse er omfatta av Antarktistraktaten, som legg territoriale krav i Antarktis på is. På grunn av ueinigheit om delelina mellom norsk og russisk territorialfarvatn i Barentshavet, er det eit område der som inntil vidare blir administrert av begge statane — den såkalla Gråsona.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
I vikingtida, frå 700-talet til 1000-talet, vart områda som no utgjer Noreg, gradvis samla til eitt rike. Kong Harald Hårfagre vann slaget i Hafrsfjord sist på 800-talet (oftast tidfesta til 872), og grunnla det første norske kongssetet på Avaldsnes på Karmøy. Skipsleia mellom Karmøy og fastlandet, den såkalla Nordvegen, seiest å ha gjeve namnet til Noreg. Norske vikingar var dyktige sjøfararar og dreiv handel med alle landa kring Nordsjøen, og mange av dem busette seg òg på dei britiske og nordatlantiske øyene, så vel som på Grønland.
Det er ueinigheit om kor vidt Noreg faktisk vart samla med utgangspunkt i Vestfold og Austlandet. Den tradisjonelle oppfatninga er at Haraldr Halfdansson («Harald Hårfagre») erva rike i Vestfold og deler av Austlandet og derifrå la under seg det indre Austlandet og Trøndelag, og så hertok Vestlandet gradvis søretter kysten. Det går klårt fram or sogene at ei anna mektig ætt med sete i Trøndelag, ladejarlane, hadde sett i gang ei liknande samling kring same tida. Desse ættene fekk vekselvis støtte frå danekongen. Det verkar likevel som om Hårfagre-ætta vann denne maktkampen med kong Olafr Haraldsson («Olav Digre», «Heilag-Olav») si maktovertaking kring 1015. Etter dette var Lade-ætta slått tilbake.
I 995 grunnla kong Olafr Tryggvason den første kirkja på Moster på Bømlo og begynte med det den offisielle kristninga av landet. I 1024 sette kong Olafr Haraldsson (seinare ofte kalla «Heilag-Olav») og biskop Grimkell kristenretten på Mostratinget på same staden. Ein reknar tradisjonelt heile riket som kristna ved slaget på Stiklestad den 29. juli 1030, der Olafr Haraldsson fall. Etter ei lang tid med borgarkrigar vart den arvelege kongsmakta tryggja under Sverreætta. Den norske kongsslekta dødde ut i 1387, og landet gjekk inn i ei unionstid med Kalmarunionen med Danmark og Sverige. Etter 1450 fortsette kongsfellesskapet med Danmark åleine. Tida blir i Noreg kalla «400-årsnatta», av di at Noreg var den svake parten i unionen og vart styrt frå hovudstaden København. Etter at Danmark-Norge vart tvungne til å alliere seg med Napoleon, og dermed kom blant taparane i Napoleonskrigane, førte Kieler-traktaten i 1814 til at Noreg vart avstått til Sverige. Men det lyktest å gje landet ein grunnlov den 17. mai 1814 og å tryggje norsk sjølvstendigheit etter at ein kort krig med Sverige tvang Noreg inn i personalunion med Sverige òg.
Aukande norsk misnøye med unionen gjennom 1800-talet førte til oppløysing av den norsk-svenske unionen i 1905, stadfesta ved ei folkerøysting. Den norske regjeringa baud den norske krona til danske prins Carl, og etter ei ny folkerøysting kåra Stortinget han til konge. Han tok namnet Haakon VII etter dei gamle norske kongane. Den norske kongefamilien, liksom den danske, hører til det nordtyske fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg, ei grein av Oldenburghuset.
Noreg var nøytralt under første verdskrigen, men etter den tyske invasjonen og okkupasjonen under andre verdskrigen vart nordmennene langt meir skeptiske til nøytralitetsprinsippet. Stemninga dreidde mot ein kollektiv tryggingsavtale for landet. Noreg var ein av dei underskrivande partane ved danninga av NATO i 1949 og var blant landa som grunnla SN (FN) i 1945. Det norske folket har to gonger røysta mot å bli med i EU, nemleg i 1972 (då: EEC) og i 1994 (då: EF). Noreg har likevel ei tilknyting til den europeiske indre marknaden gjennom EØS-avtalen.
[endre] Politikk
Noreg er eit konstitusjonelt monarki med eit parlamentarisk regjeringssystem. Etter grunnloven frå 1814 er kongen statsoverhovud og vel sjølv sitt råd, men etter riksrettsdommen i 1884 må likevel regjeringa i praksis ikkje få eit fleirtal i Stortinget mot seg. Grunnloven gjev kongen personleg vidtrekkjande rettar, men desse blir ikkje praktiserte i dag, og funksjonen hans i dag er først og fremst seremoniell. Statsrådet, eller regjeringa, er samansett av ein statsminister og minst sju statsrådar, utnemnte av kongen. Kongen kan i teorien utnemne kven han vil, men vel alltid den regjeringa statsministeren føreslår.
Det norske parlamentet, Stortinget, har 169 medlemmer, som er valte frå 19 fylke for ein fire-årsperiode ut frå eit system med proporsjonal representasjon. Lovforslag blir behandla i Odelstinget og Lagtinget. Påtale i riksrettssaker blir reist av Odelstinget og teke til doms av Lagtinget. Ut over dette blir stortingssakene behandla i plenum, etter saksførebuingar i ulike fagkomitéar (justiskomitéen, finanskomitéen, landbrukskomitéen, osv.).
Dei regulære rettsinstansane omfattar Høgsterett (18 permanente dommarar (per 2004) og ein justitiarius), lagmannsrettane (Borgarting, Eidsivating, Agder, Gulating, Frostating og Hålogaland), tingrettane (dei tidlegare by- og heradsrettane) og forliksråda (handsamar sivile tvistesaker). I tillegg kjem særdomstolar som Arbeidsretten. Dommarane ved dei regulære rettsinstansane og særdomstolane blir utnemnte av regjeringa. Den særskilte Riksretten vurderer spørsmål om brotsverk utførte av medlemmer i Stortinget, Regjeringa eller Høgsterett.
[endre] Geografi
[endre] Fylke
Noreg er oppdelt i 19 fylke og 431 kommunar:
- Østfold
- Akershus
- Oslo
- Hedmark
- Oppland
- Buskerud
- Vestfold
- Telemark
- Aust-Agder
- Vest-Agder
- Rogaland
- Hordaland
- (i nummerering av fylke blir ikkje talet 13 bruka, av di at dette var det gamle nummeret på Bergen fylke)
- Sogn og Fjordane
- Møre og Romsdal
- Sør-Trøndelag
- Nord-Trøndelag
- Nordland
- Troms
- Finnmark
[endre] Tettstader
Noreg har 909 tettstader. Dei med høgast innbyggjartal er (i følgje SSB 2006):
- Oslo i alt (825 105 innb.)
- Bergen (218 032)
- Stavanger/Sandnes (177 337)
- Trondheim (150 049)
- Fredrikstad/Sarpsborg (98 152)
- Drammen (91 584)
- Porsgrunn/Skien (85 408)
Det totale tettstadsarealet for heile landet er 2 263 km2, med eit innbyggjartal på 3 607 813. Sjå artikkelen om omgrepet tettstad for definisjonar.
[endre] Topografi og klima
Noreg har eit opprive og fjellrikt landskap. Kystlina på meir enn 20 000 kilometer er brota av steile fjordar og eit mangfald av øyar og holmar. Noreg er òg kjent som midnattssolas land, sidan det ligg delvis nord for polarsirkelen. Her går ikkje sola under horisonten om natta ei tid kring sommarsolkverv, og tilsvarande er desse områda utan direkte sollys ei tilsvarande lang periode kring vintersolkverv.
Heile lengda av Noreg følgjer Nordatlanteren. Tre havområde utgjer kystlina; Nordsjøen og avstikkaren Skagerrak i sørvest og sør, Norskehavet i vest og Barentshavet i nordaust. Det høgste punktet i Noreg er Galdhøpiggen med sine 2469 meter over havet.
Det norske klimaet er temperert, særleg langs kysten, som er påverka av Golfstraumen heilt nord til Barentshavet. Noreg ligg i ei sone der polarfronten skaper ein vestleg luftstraum, og dette dominerer vêr og klima i stor grad. Klimaet i innlandet er noko kaldare om vinteren, og i den nordlegaste delen er forholda meir arktiske.
[endre] Sjå òg
[endre] Økonomi
Økonomisk sett er Noreg eit rikt kapitalistisk velferdssamfunn, med eit kompromiss mellom frie marknadskrefter og offentleg regulering. Regjeringa kontrollerer vitale område som den petrokjemiske sektoren gjennom store statsselskap. Landet er rikt på naturressursar — petroleum, vasskraft, fisk, skog og mineral. Dei store naturressursane har samtidig gjort landet svært avhengig av internasjonale råvareprisar — særleg oljeprisane. I 1999 utgjorde oljeeksporten 35 % av eksportinntektene. Saudi-Arabia og Russland er dei einaste landa som eksporterer meir olje enn Noreg. Ein stor del av inntektene frå det noverande oljesalet er plassert i statens petroleumsfond, som er investert i utlandet. Forvaltningskapitalen i fondet er over 800 milliardar kroner (2003).
Den økonomiske veksten var 0,8 % i 1999, 2,7 % i 2000 og 1,3 % i 2001. Det vart igangsett privatiseringar i 2000, der regjeringa selde 1/3 av det 100 % statseigde oljeselskapet Statoil. Noreg står utanføre EU etter folkerøystingar i 1972 og 1994. Landet er saman med Island og Liechtenstein ein del av den indre marknaden i EU gjennom EØS-avtalen.
[endre] Innbyggjarar
Folketalet i Noreg er 4,64 millionar og aukar med vel 0,7 % årleg (2005). Kjønnsfordelinga er 50,5 % kvinner og 49,5 % menn. Aldersfordelinga er 19,8 % frå 0 til 14 år, 65,4 % frå 15 til 64 år og 14,8 % frå 65 år og oppover (anslag 2004 [1]).
3 560 137 menneske, eller 77,6 % av innbyggjarane i landet, bur i tettstader (1.1.2005). Av desse bur 1 345 000 i dei fire største byane. Det var 23 647 fleire som budde i tettstader i 2005 enn i 2004.
[endre] Folkegrupper
Etnisk sett er størstedelen av folket i Noreg nordisk / nord-germansk, medan eit lite mindretal hører til samane, østersjøfinnane og andre folkegrupper. Samar har status som urfolk, mens skogfinnar, kvenar, romanifolk (reisande, tatrar), sigøynarar og jødar har status som nasjonale minoritetar. Etter andre verdskrigen har innvandringa auka mykje, både frå Vesten og frå andre deler av verda. Første generasjons innvandrarar utgjorde 8,3 % av folketalet per 1.1.2006. Dei største innvandrargruppene er pakistanarar, svenskar og irakarar ([2]).
[endre] Religion og livssyn
Kring 86 % av innbyggjarane er medlemmer i den evangelisk-lutherske statskirkja (1.1.2003). Andre kristne trussamfunn (Den evangelisk-lutherske frikirkja, Den katolske kirkja, pinsevenner, metodistar med fleire) utgjer kring 4,5 %. Blant dei ikkje-kristne religionane er islām sterkast representert i Noreg med kring 2 %; andre religionar er representerte med knapt 1 % totalt. Human-Etisk Forbund har om lag 1,5 % oppslutning. Per 1.1.2003 er kring 5 % av innbyggjarane ikkje medlemmer i noko trussamfunn eller nokon livssynsorganisasjon som mottek statsstøtte ([3]).
[endre] Utdanning
24 prosent av alle nordmenn over 15 år (eller 845 859 personar) har utdanning på universitets- eller høgskulenivå. Av desse er 444 450 kvinner. 189 136 nordmenn har meir enn 4-årig universitetsutdanning (1. oktober 2004).
I 2004 var éin av tre kvinner og éin av fire menn i aldersgruppa 19–24 år i høgare utdanning.[1] Kvinneprosenten har auka mykje sidan 1981, da berre éi av ti kvinner i denne aldersgruppa var i høgare utdanning.
Frå 17 % i 1980, har kvinnedelen av studentane i naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag vakse til kring 30 % i 2003. Innanfor samfunnsfag og juss har kvinnedelen stige enda meir, frå 42 % i 1980 til over 60 % i 2003.
Hausten 2003 var det 209 800 studentar på norske universitet og høgskular.
[endre] Språk
[endre] Norsk språk
Utdjupande artikkel: Norsk språk
Det norske språket har i dag to offisielle skriftformer, bokmål og nynorsk. Desse er normerte av Norsk språkråd. I tillegg til desse finst mellom anna dei uoffisielle bokmålsvariantane samnorsk og riksmål og den uoffisielle nynorskvarianten høgnorsk. Samnorsk, som tok utgangspunkt i bokmål, men med mange trekk frå nynorsk og frå generelt norsk talemål, er meir eller mindre gått ut av bruk. Samnorsktanken dominerte norsk språkpolitikk kring tida 1930 til 1980.
Fleirtalet av det norske folket skriv bokmål i ein av sine variantar. Den delen av folket som brukar nynorsk som hovudmål nådde ein topp på 34,1 % i 1944, men har i etterkrigstida gått jamt tilbake ligg i dag kring 10–15 %.
Nynorsk er eit skriftspråk som vart systematisert på grunnlag av norske dialektar og etterkvart etablert som skriftspråk i 1840-åra av Ivar Aasen. Ivar Aasen kalla språket sitt landsmål; det offisielle namnet vart endra til nynorsk i 1929. Aasen prøvde å distansere dette språket frå det danskpåverka språket som var i bruk på Austlandet og blant borgarskapet. Utover 1900-talet har nynorsken fjerna seg meir og meir frå Ivar Aasen sitt landsmål og i retning bymål og bokmål, medan bokmålet har gått meir bort frå dansk og nærma seg nynorsk og norske dialektar, særleg bymåla.
Høgnorsk er ei meir konservativ form av nynorsk som motsett seg tilnærmingstanken. Den høgnorske rettskrivinga byggjer på Aasen-normalen, som ofte blir assosiert med Vestlandet og Telemark. Høgnorsk blir bruka av ein liten minoritet av språkleg engasjerte personar. Nokre av desse har tilknyting til Ivar Aasen-sambandet eller miljøet kring bladet høgnorskbladet Målmannen.
Bokmålet blir truleg nytta som hovudmålform av mellom 85 og 90 % av alle nordmenn og står sterkast i dei folkerikaste delane av Noreg, som på Austlandet og i storbyane. Bokmålet dominerer i dei fleste samfunnslag. Riksmål er den største av dei uoffisielle formene og blir blant anna bruka av store aviser som Aftenposten. Denne målforma ligg nærmare dansk og tradisjonelt, moderat bokmål enn det offisielle bokmålet gjer. Riksmålet blir fremma av Riksmålsforbundet. Riksmålet er representert i Språkrådet og har eit eige normeringsorgan, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, som blant anna gjev ut eigne ordlister og Norsk Riksmålsordbok.
Alle dei skandinaviske språka utvikla seg frå tidleg norrønt. Av historiske grunnar kom dansk gradvis til å ta over som offisielt språk i Noreg gjennom seinmellomalderen. Dansk var sidan mellomalderen først og fremst påverka av nedertysk, der om lag halvparten av ordtilfanget og viktige grammatiske strukturar kjem frå. Det skriftspråket som var i bruk i Noreg fram til først på 1900-talet var i all hovudsak dansk. Med språkreformane i 1907, 1917 og 1938 har dette skriftspråket vorte tillempa etter norsk fonologi og austnorske bymål, slik at ein no kan snakke om bokmål som eit eige norsk skriftspråk.
[endre] Samiske språk
Ulike samiske språk er i bruk i den samiske minoriteten i landet. Tre samiske språk blir snakka i Noreg i dag: nord-, lule- og sørsamisk. Nordsamisk har ei dominerande stilling; det blir tala av over 80 % av dei samiskspråklege samane. Eit intensivt bergingsarbeid er igangsett for å få den yngre generasjonen til å ta i bruk dei to andre språka, som er bruka frå Tysfjord i Nordland og sørover til Engerdal i Østerdalen. Oslo er den kommunen i Noreg som har flest samisktalande innbyggjarar. I tillegg til skriftspråket er samisk sjølvsagt òg eit språk med mange dialektar. Pite-, ume- og skoltesamisk er utdødde som språk i Noreg, sjølv om det finst personar som definerer seg i dei tre gruppene òg.
[endre] Finsk og kvensk
Finsk finn vi i to avgrensa område i Noreg. Til den søraustlege delen av Hedmark, Finnskogen kom det innvandrarar frå Savolaks i Finland på 1600-talet. Dei hadde vorte lokka til Värmland av svenskekongen, med løfte om skattefritak, og dei utgjorde ein språkleg minoritet i bortimot 300 år. Som ein del av den finske ekspansjonen nordover kom det innvandrarar frå Tornedalen og Finland til Noreg i fleire bølgjer; desse vart kalla kvener. Språket deira skilte seg etter kvart frå finsk i Finland (ikkje minst på grunn av finsk språkrøkt dei siste 150 åra), og mange ser på kvensk som eit eige språk.
[endre] Andre språk
I Bergen var det frå mellomalderen av eit lite nedertyskspråkleg samfunn i samband med hansahandelen. Denne gruppa, som seinare gjekk over til å bruke høgtysk, sokna til Mariakirkja. Det tyske samfunnet i Bergen vart stort sett fullt assimilert mot slutten av 1800-talet.
Dei nasjonale minoritetane romanifolk (reisande, tatrar) og roma (sigøynarar) talar tradisjonelt språk av indisk opphav. Sigøynarane talar det hovudsakleg indoiranske språket romanés, mens romanifolket tradisjonelt brukar skandinavisk/indiske blandingsspråk som rommani og rodi.
Språk tilknytte den nasjonale minoriteten jødar i Noreg inkluderer først og fremst det hovudsakleg vestgermanske språket jiddisch (blant askenasiske jødar) og det semittiske språket hebraisk.
Dei viktigaste innvandrarspråka i Noreg i dag, målt etter talet morsmålselevar i grunnskulen, er albansk, arabisk, farsi, serbokroatiske språk (serbisk, kroatisk og bosnisk), kurdisk, tamil, urdū (med dei nærskylde språka hindī og pandjābī) og vietnamesisk.
[endre] Kultur
Kjente nordmenn omfattar mellom andre forfattaren Ludvig Holberg som skreiv på rein dansk, riksmålsforfattarane Henrik Ibsen, Knut Hamsun og Sigrid Undset, nynorskforfattarane Tarjei Vesaas og Olav Duun, eventyraren Roald Amundsen, den ekspresjonistiske målaren Edvard Munch og den nasjonalromantiske komponisten Edvard Grieg.
[endre] Internasjonal pressefridom
- Pressefridomsindeks: Rangert mellom dei landa med best pressefridom.
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
- Noreg.no - offisiell regjeringsportal
- Informasjon frå regjeringa og departementa (ODIN)
- Stortinget
- Statistisk sentralbyrå
- Nasjonalbiblioteket: Noreg, Sverige og unionen
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Noreg» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
Kategoriar: GFDL | Nynorsk Wikipedia | Noreg | Norden | EFTA | EØS | Land i Europa | Land
