Nordvestlandsbåtar
Frå Safon.org
Nordvestlandsbåtar er dei opne, oftast spissgatta, ro- og seglbåttypane frå Møre og Romsdal fylke. Nordvestlandsbåtane er kjenneteikna ved fyldig framstamn, smekker atterstamn, og ofte éin eller fleire ekstra bordgangar mot framstamnen. Dei fleste nordvestlandsbåtane har vore rigga med asymmetrisk råsegl. Det finst to hovudtypar av nordvestlandsbåtar:
- Snidbetningen, eller sunnmørsbåten, er kjenneteikna ved eit stort tal ekstra bordgangar mot framstamnen og mange bordskøytar midtskips. Sunnmørsbåtane har asymmetrisk råsegl med kileskoren seglduk, smal rå og mesta trekanta seglform.
- Geitbåten, eller romsdals- og nordmørsbåten, har oftast berre éin ekstra bordgang mot framstamnen. Han er elles kjenneteikna ved den korte og djupe kjølen og dei sterkt tilhogde halsane. Geitbåten har oftast asymmetrisk råsegl med parallellskoren seglduk, trapesforma segl og ei relativt brei rå.
