Nordmørsk syntaks
Frå Safon.org
| NORDMØRING fonologi (lydlære) |
| ORDBOK A · B · C · D · E · F · G |
Innhaldsliste |
[endre] Kasus
[endre] Nominativ
Subjektet (den som utfører handlinga) står i nominativ: Ví såg hęstn. Fęrjå va full tå ęngelskmenn. Föggełn vart néskotinn.
I eit enkelt fall — ved verbet lętt — kan eit verb ta tilsynelatande nominativsobjekt: Lętt é få jęra-ðí. Lętt hó ga’ng føst, nó! I litterær samanheng er dette bruka av Hans Hyldbakk: Læt e få høgg åv ne rota. Det er verdt å merke seg at dette tilsynelatande nominativsobjektet berre blir bruka i trykksterk form og aldri enklitisk. Derfor kan det vera naturleg å forklara dette særfallet slik: Pronomenet fungerer ikkje som objekt til det føregåande verbet, men som subjekt til det følgjande verbet. Ordet læt uttrykkjer berre eit ønskje om at det som følgjer skal hende: Lat (det bli slik at) eg (får) hogge av denne rota. For denne forklaringa talar den kortare måten å uttrykkje det same på: É få högg-tå na róta!
Eitt fall med definitiv samanblanding av nominativ og akkusativ finst i kristiansundsdialekten, der det er vanleg å seie æ o dæ (‘eg og du’). I dette fallet blir nok akkusativen bruka av eufoniske årsaker: Akkusativforma dæ rimar med nominativen æ.
[endre] Akkusativ
[endre] Vokativ
Det finst ein tendens til å gje rop og tiltaleord fallande toner på nordmøring. Eilert Moe nemner former som Fā´’r, Mō´’r, Ōł`ā´’.
Den same tendensen ligg truleg til grunn for fallande tone (tonem 1 i fleirstavingsord) i interjeksjonar som Hę’rre! Gú’rí!
Lokketonen («gauketonen») ein ofte brukar i roping på nokon har ikkje noko med tonem eller kasus å gjera.
