Nordmøring - Safon.org

Nordmøring

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Denne artikkelen handlar om språkforma nordmøring. For folk frå Nordmør, sjå «Nordmøringar».

NORDMØRING

fonologi (lydlære)
morfologi (formlære)
syntaks (setningslære)

ORDBOK

 A · B · C · D · E · F · G 
 H · I · J · K · L · M · N 
 O · P · R · S · T · U · V 
 Y · Æ · Ö · Ø · Å 

Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av norsk som blir tala på Nordmør, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. Nordmørsdialekten, som saman med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trøndske målføre, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, ulik bøying av sterke og svake hokjønnsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, berre i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dei som er fødde etter 1970). Trekk som varierer mykje mellom dei ulike underdialektane på Nordmør er tjukk l av historisk (berre ytre Nordmør), monoftongisering i innlyd (ikkje sunndalsdialekt, sunndalsøramål, kristiansundsdialekt og hemnværing), handsaming av korte trykksterke stavingar (delvis haldne som kortstavingar i eldre mål frå Eidsøra til innersida av Tustna og i Rindalen; stort sett lenging av konsonanten dei fleste stadene; og mest lenging av vokalen i sunndalsdialekten).

[endre] Viktige underdialektar

  • Kristiansundsdialekt — eit typisk bymål med sterke trekk frå fosenmålet. Dativ manglar, diftongane ei/øy/au er i all hovudsak bevarte; svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
  • Sunndalsøramål (øramål) —
  • Sunndaling (sunndalsdialekt, sunndalsmål) —
  • Rindaling (rindalsdialekt, rindalsmål) — dannar ein overgang til inntrøndsk. Svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
  • Aurgjelding (auredialekt, auremål)
  • Hemnværing (hemnedialekt, hemnemål)

[endre] Ordtilfang

[endre] Litteratur

  • Almberg, Jørn: Cirkumfleks på Ålvundeid : ei studie over tre generasjonar. Rapport i emnet FON6: feltarbeid ved Lingvistisk institutt, Univ. i Trondheim, h. 1991.
  • Grip, Olav: Målet i Aure. Hovedoppgave, Universitetet i Oslo, 1945?. [1]
  • Jenstad, Tor Erik: Sunndalsmålet : bygde- og sentrumsmål : med hovedvekt på lyd- og formverk. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Trondheim, 1982 II. (314 bl. : kart.) [2]
  • Jenstad, Tor Erik: Eit nytt sentrumsmål veks fram : drag frå talemålet til ungdom på Sunndalsøra. (Skrifter / Nordisk institutt, Universitetet i Trondheim ; 5.) Trondheim (Tapir), 1983. (112 s.; bibliografi) ISBN 82-519-0588-5 [3]
  • Jenstad, Tor Erik: Sunndalsmålet : eit grensemål på indre Nordmøre. (Norske studiar ; 4) Oslo (Novus), 1985. (308 s.) ISBN 82-7099-110-4 [4]
  • Magerøy, Nils M.H.: Olvundeid-målet : ein amatørstudie. (Skrifter frå Norsk Målførearkiv; XVI) [Oslo] (Universitetsforlaget), 1960.
  • Moe, Eilert: Ei lita utgreiding um stavingsdeling i Rindalsmaale : serleg um deling paa vokal. (Kristiania Videnskapselskaps Forhandlinger ; 1914:2.) Kristiania (Dybwad), 1915. (43 s.) [5]
  • Moe, Eilert: Tonelagstilhøve i rindalsk : med umtale av nokre eksperimentale freistnader på Det fonetiske institutt. (Kristiania Videnskapsselskaps Forhandlinger ; 1922:1 Opuscula phonetica Instituti phonetici Universitatis Regiae Fredericianae ; 1.) Kristiania (Dybwad), 1923. (67 s. : ill.) [6]
  • Moe, Eilert: Todalsmålet (Nordmøre) / ved Eilert Mo. (Norske målføre ; 6.) Oslo (Studentmållaget), 1922. (35 s.) [7]
  • Tranøy, Betuel Sofus: Fra syntaksen i Smølamålet [manuskript]. Hovedoppgave - Det Kongelige Frederiks universitet, 1925. [8]
Personlege verktøy