Nordlandsbåt - Safon.org

Nordlandsbåt

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Nordlandsbåtar under innseglinga til Forbundet Kysten sitt landsstemne i Bodø sommaren 2006.
Nordlandsbåtar under innseglinga til Forbundet Kysten sitt landsstemne i Bodø sommaren 2006.

Nordlandsbåt viser til båtar som er opne og av ulik størrelse bygd i Nordland eller Troms. Ein nordlandsbåt av ny type (etter begynnelsen av 1800-talet) har rette og høge stamnar som står mesta vinkelrett på kjølen og langt, lett, slankt skrog. Nordlandsbåtane er klinkbygde og har både årar og råsegl.

Fembøringen er den største nordlandsbåttypen med fem årepar. Ein åttring var opphavleg ein båt med åtte årar. Åttringen vart etter kvart bygd enda større og kunne ha ti årar, men namnet endra seg ikkje anna enn at denne typen vart kalla storåttring. «Seksring» eller trirøing hadde begge seks årar. Færingen var minst og hadde oftast fire årar. Færingen kan òg bli kalla «kjeks» — eit ord som nokre vil sette i samanheng med engelsk ketch, men som truleg heller heng saman med ordet kokse.

Bindalen, Rana og Salten var hovudsentra for trebåtbygging i Nordland. Gran vart mest bruka i Bindal og Rana, medan saltværingsbåtane gjerne vart bygde i furu

Mot slutten av 1800-talet vart andre båttypar, blant anna med dekk, tekne i bruk i fiskeria, og dei tradisjonelle nordlandsbåtane vart mesta heilt borte. Dei nye typane var ofte finneidbåtar og listerbåtar

[endre] Oversyn over nordlandsbåtar

«Sjekter ved Nordlandskysten» måla av Gunnar Berg (1863–1893).
«Sjekter ved Nordlandskysten» måla av Gunnar Berg (1863–1893).

Oversynet over ulike typar av nordlandsbåtar er eit relativt oversyn. Båten finst i ulike størrelsar, men lengda går på skjønnet til båtbyggjaren og ikkje etter eksakte mål. Færingen er grunnbåten i systemet, og han er kring 14 fot. Dei største båtane er på kring 44 fot, men det finst fleire historier om ekstra store fembøringar. Den største som blir nemnt i litteraturen er på 58 fot. Av dei kring 160 oppmålte nordlandsbåtane er det vanskeleg å finne to som er akkurat like store. Trass dette finst det likevel flere ulike kategoriar med eigne typenamn. Namna varierer mellom ulike regionar i Nord-Noreg.

  • Færingen (også kjend som: kjeks og sjun) er minst 14 fot, har to rom mellom toftene og to par årar.
  • Hundromsfæringen (også kjend som: kjeks) har i tillegg eit halvt rom på midten og er kring 17 fot.
  • Seksringen (også kjent som kobbroms-båt eller treroring) er kring 20 fot og har plass til tre par årar.
  • Halvfjerderømmingen er kring 22 fot. Har tre par årar, men har eit halvt rom meir enn seksringen.
  • Firroringen er kring 24 fot og har fire par årar.
  • Halvfemterømmingen har eit halvt rom meir enn firroingen og er kring 28 fot.
  • Åttringen hadde opprinneleg fire årepar, seinare fem. Åttringen er mellom 30 og 38 fot og har eit halvrom mer enn firroringen.
  • Fembøringen er den største nordlandsbåten og har fem eller seks årepar; han kunne vera opptil 48 fot.
  • Stor-fembøring er namnet på dei ekstra store fembøringane.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Nordlandsbåt» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy