Neve Şalom-synagogen i Istanbul - Safon.org

Neve Şalom-synagogen i Istanbul

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Inni Neve Şalom-synagogen.Foto:Aussieturk79
Inni Neve Şalom-synagogen.
Foto:Aussieturk79
Neve Şalom-synagogen (hebr. נְוֶה שָׁלוֹם [nə've: ša:'lo:m], ‘fredslunden’; tyrkisk Neve Şalom Sinagogu) i Istanbul er ein sefardisk synagoge i Beyoğlu-distriktet i Istanbul i Tyrkia.

Etter at den jødiske befolkninga i dei gamle Pera- og Galata-distrikta (i dag samanslegne under namnet Beyoğlu-distriktet) voks frå slutten av 1930-åra av, vart ein jødisk barneskule riven i 1949 for å byggje ein ny synagoge, og denne stod ferdig i 1951. Arkitektane Elyo Ventura og Bernar Motola, to unge tyrkiske jødar, stod for utforminga av synagogen. Vigslinga fann stad med den daverande tyrkiske overrabbinaren Rafael Saban til stades på søndag den 25. mars 1951 — som svarar til 17. adár II år 5711 etter jødisk tidsrekning.

Neve Şalom er den største sefardiske synagogen i Istanbul og held gudstenester hovudsakleg på sjabbát, dei høge helgedagane og i samband med bar miṣvá-feiringar, gravferder og bryllup.

[endre] Terroråtak

Neve Şalom-synagogen har vorte utsett for tre terroråtak:

  1. 6. september 1986 - 22 menneske drepne; truleg utført av Abu Nidal.
  2. 1. mars 1992 - handgranatangrep, ingen drepne; truleg utført av den tyrkiske greina av Hizbollah.
  3. 15. november 2003 - omlag 15 menneske drepne.

[endre] Eksterne lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Neve Shalom-synagogen» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy