Nān - Safon.org

Nān

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Nan.
Nan.
Fil:Work bakery.jpg
Nanleivar ferdige til å steikjast.

Nān (frå farsi نان nān, som tyder brød) er eit flatvore, omlag 1 cm tjukt, rundt eller avlangt kveitebrød som er mykje bruka i indisk mat.

Brøda blir laga ved at ein kjevlar ut nevestore boller til flate leivar og så steikjer dei på høg temperatur; helst i ein tradisjonell tandūr eller steinomn.

I motsetnad til tjapātī inneheld nān gjær; og dei inneheld gjerne mjølk eller yoghurt òg, noko som gjer at dei blir fyldigare og tjukkare. Nānbrød blir gjerne bruka til å plukke opp mat med av den som et, på liknande vis som ein elles ville bruke fingrane eller ei skei.

Nan er populært attåt indisk mat i vestleg kultur, særleg attåt matretter som karri. Ein et òg nān i Iran, Afghanistan og heile det sentralasiatiske området. I Afghanistan kan nānbrøda bli over ein meter lange.

[endre] Sjå òg

[endre] Kjelder

[endre] Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy