Mufletas - Safon.org

Mufletas

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Mufletas (pl.) (מופליטאש) er flate brød av gjærdeig — tilsvarande norske flatkaker eller klappakaker — som blir baka og etne ferske på den marokkansk-jødiske festen mimúna. Mimúna blir feira i døgnet rett etter at pesaḥ er over.

[endre] Oppskrift

  1. Lag ein vanleg gjærdeig av ca 9,5 dl kveitemjøl (gjerne sammale), 3¼ dl vatn, 15–20 g gjær, 1 ts honning el. sukker og evt. litt salt. Lat deigen heve seg på ein lun stad i kring 1½ time.
  2. Del deigen i kring 40 deler og kna kvar del til ein bolle.
  3. Plassér kvar bolle på ei smurd overflate og trykk/kjevle emnet til ei flat, rund kake.
  4. Varm opp ei usmurd takke eller bakstehelle.
  5. Steik flatkakene og vend dei når dei er halvsteikte. Dei er ferdige når dei er gjennomsteikte og fint gylne på båe sidene.
  6. Legg dei ferdige mufletas på ei rist og dekk over dei med ein kopphandduk (kopphandklede).
  7. Servér med smør og honning eller syltetøy.

[endre] Kjelder

Marks, Gil: The world of Jewish desserts. New York : Simon & Schuster, 2000. ISBN 0684870037.

Personlege verktøy