Mosjé ben Maimón
Frå Safon.org
Mosjé ben Maimón (30. mars 1135—13. desember 1204), hebr. משֶׁה בֶּן מַיימוֹן [mō'še ben maj'mōn], j.-arab. מוסא אבן מימון ['mūsa ibn may'mūn], gr./lat. Moses Maimonides), mest kjend som Maimonides, var ein lækjar, rabbinar og filosof som er særleg kjend for det halakhiske verket Misjné Torá og boka Dalālat al-ha’irīn (meir kjent som Moré nebukhím eller Dei rådvilles lærar) — ei bok som søkjer å harmonisere jødedommen med vitskap og aristotelisk filosofi.
Innhaldsliste |
[endre] Biografi
[endre] Córdoba
Mosjé ben Maimón vart fødd den 30. mars 1135 i Córdoba i Spania, som på den tida var under muslimsk styre, og studerte Torá under far sin, Maimón, og rebbí Joséf ibn Migásj.
[endre] Marokko
Familien flykta til Marokko etter at Córdoba fall og vart innteken av almohadane. I Marokko tok han til seg det meste av den sekulære lærdommen sin da han studerte ved universitetet i Fez. I tida han var der skreiv han det vidkjente kommentarverket sitt til Misjná.
[endre] Israel
Etter opphaldet i Marokko budde Mosjé ei kort tid i Israel — hovudsakleg i Jerusalem, der han bruka å be i ein synagoge på Tempelhøgda.
[endre] Egypt
Etter dette flytte han til Egypt og busette seg i Fustat, der han verka som lækjar åt storvisir Alfadhil og/eller sultan Saladin av Egypt. I Egypt skreiv han det meste av verket sitt, inkludert Misjné Torá. Mosjé ben Maimón døydde i Fustat den 13. desember 1204 og vart gravlagd i Tiberias i Israel.
[endre] Verk
[endre] Kommentar til Misjná
[endre] Sefer hammiṣvót
[endre] Misjné Torá
[endre] Moré nebukhím
[endre] Andre verk
[endre] Dei tretten prinsippa
[endre] Halakhá
[endre] Innflytelse
Mosjé ben Maimón var ein av dei få jødiske filosofane som òg hadde stor innverknad på den ikkje-jødiske verda — både innanfor kristendommen og innanfor islam. Enno i dag er han blant dei mest respekterte av alle jødiske filosofar. Eit mykje bruka ordhell blant jødar i mellomalderen var «Frå Mosjé (med Toráen) til Mosjé (Maimonides) har det ikkje vore nokon slik Mosjé.»
Mosjé ben Maimón var utan samanlikning den mest innflytelsesrike personen i jødisk tenking i mellomalderen. Radikale jødiske tenkjarar i dei neste århundra kan skildrast som maimonidanarar eller anti-maimonidanarar. Moderate tenkjarar var dei som i hovudtrekk aksepterte Maimonides sitt aristoteliske verdssyn, men som avviste dei elementa av dette som dei meinte gjekk mot den jødiske religiøse tradisjonen. Denne typen eklektisisme hadde høgdepunktet sitt på 1300- og 1400-talet.
Den skarpaste og mest gjennomgåande kritikken av Mosjé ben Maimón i mellomalderen var Hasdai Crescas sitt verk Or haSjém. Crescas gjekk imot den eklektiske tendensen ved å rive heilt ned vissheita i det aristoteliske verdssynet — ikkje berre i religiøse spørsmål, men òg i dei mest grunnleggjande områda av vitskapen i mellomalderen, slik som fysikk og geometri. Crescas sin kritikk provoserte fleire jødiske tenkjarar på 1400-talet til å skrive forsvarsskrift for Mosjé ben Maimón sine idéar. Ei omsetting av Or haSjém til engelsk skriven av Harry Austryn Wolfson ved Harvard University vart utgjeven i 1929.
[endre] Sitat
- «Lær tunga di å seie ‘Eg veit ikkje!’ og du vil gjera framsteg.»
- «Sjansen at ein tek feil avgjersle er betre enn redsla ved ikkje å bestemme seg.»
- «Du lyt godtaka sanninga same kva kjelde ho kjem frå.»
- «Føregrip velferdsgåver ved å hindre fattigdom; hjelp den trengande grannen, anten ved ei stor gåve eller ein pengesum eller ved å lære han ein næringsveg eller ved å leie han inn i handel så han kan tena si ærlege løn og ikkje bli tvungen til det fryktelege alternativet å vera nøydd til å halde ut handa si for velferd. Dette er det øvste steget og toppen av den gylne velferdsstigen.»
- «Vi er skuldige å vise meir omsut med bodet om å gjeva til velferd enn med noko anna gjerningsbod — for velferdsgåver er teiknet på eit rettvist menneske.»
[endre] Kjelder
- «Maimonides» på Engelsk Wikipedia
[endre] Litteratur
[endre] Lenkjer
- Treasures of the JNUL: Writings of Maimonides (Manuscripts and Early Print Editions)
- «Moses ben Maimon» frå JewishEncyclopedia.com
[endre] Misjné Torá
[endre] Moré nebukhím
- Moré nebukhím (PDF) frå Seforimonline.com
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
