Monoteisme
Frå Safon.org
Monoteisme er eit trus- eller filosofisystem som meiner at det finst éin Gud.
Typiske monoteistiske religionar er jødedommen, samaritansk religion, islām, sikhisme og Bahá’í.
Innanfor monoteismen finst det ulike idéar om Gud; nokre held på teisme (trua på at det finst ein personleg Gud som har direkte innflytnad på verda her og no) og andre held meir på deisme (trua på at det finst ein personleg Gud som har indirekte innflytnad på verda gjennom å ha sett opp skaparverket).
